Europacupen i fotball 1974

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europacupen i fotball 1974 var ei fotballturnering der vinnarane av 30 europeiske toppseriar i fotball var påmelde, attåt tittelforsvarar Ajax frå Amsterdam. Turneringa var den 19. i rekka. Etter ein finalekamp 15. mai 1974 på Heysel-stadion i Brussel, som enda uavgjort 1-1, møttest finalistane Bayern München og Atlético Madrid på ny på same bana to dagar seinare, ein kamp vesttyske Bayern München vann med 4-0 over seriemeistrane frå Spania. Sigeren var den fyrste av tre rake triumfar i Europacupen i fotball til det vesttyske meisterlaget.

Europacupen 1974 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkamp talde bortemål dobbelt. Turneringa tok til 18. september 1973. Etter to rundar i september-november, vart kvartfinalane og semifinalane avvikla i tida februar-april 1974.

Vinnarlaget Bayern München trong ekstraomgangar for å slå ut svenske Åtvidabergs FF i fyrste runde, og sende deretter Dynamo Dresden, CSKA Sofia og ungarske Újpesti Dózsa ut av turneringa, medan Atlético Madrid sikra seg finaleplass ved å slå ut tyrkiske Galatasaray, Dinamo Bucuresti, Raude Stjerne frå Beograd og Celtic FC frå Glasgow.

Finalane[endre | endre wikiteksten]

48 722 tilskodarar såg finalekampen 15. mai 1974 som enda 1-1, medan 23 283 var til stades den 17.mai, då finalen vart avgjort med siger 4-0 til Bayern München. Begge kampane fann stad på Heysel-stadion i Brussel.

I den fyrste finalekampen tok det 114 minuttar før Atlético-kapteinen Luis Aragonés skåra det fyrste målet. Seks minuttar seinare, i det siste minuttet av andre ekstraomgang, utlikna Georg Schwarzenbeck for Bayern. Dermed vart det ny kamp same stad, den 17. mai. Midtbanespelaren Uli Hoeneß gav då Bayern leiinga i det 28. minutt, før Gerd Müller i andre omgang sende det vesttyske laget i leiing 2-0 og 3-0 etter 57 og 70 minuttar. Også Hoeneß vart tomålsskårar med ei nettkjenning i det 83. minutt.

Lagoppstillingane 17. mai 1974

Vinnarlaget Bayern München stilte med dei same elleve i begge kampane. Sepp Maier stod i mål, vidare var det Johnny Hansen, Georg Schwarzenbeck, Franz Beckenbauer, Paul Breitner, Franz Roth, Rainer Zobel, Uli Hoeneß, Conny Torstensson, Gerd Müller, Jupp Kapellmann. I den fyrste kampen tok Bernd Dürnberger plassen til Torstensson i det 76. minutt.

I det fyrste oppgjeret mønstra Atletico: Miguel Reina, Francisco Melo, Adelardo Rodríguez, Ramón Heredia, Luis Aragonés, José Luis Capón, Eusebio Bejarano, Javier Irureta, Armando Ufarte, José Gárate, Ignacio Salcedo. Heraldo Becerra fekk plassen til Ufarte i det 69. minutt og Alberto Fernández spelte ekstraomgangane, i staden for Salecedo. I finalekamp nummer to var Irureta og Ufarte vraka frå startoppstillinga, i staden spelte Becerra og Fernández frå start. På stillinga 0-2 kom fyrst Domingo Benegas inn for Adelardo, og så Ufarte for Fernández.

Vital Loraux og Alfred Delcourt, begge frå Belgia, dømde høvesvis den fyrste og den siste kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]