Paul Breitner
|
Paul Breitner i 2011 | |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Paul Breitner | ||
| Fødd | 5. september 1951 (75 år) | ||
| Fødestad | Kolbermoor i Vest-Tyskland | ||
| Høgd | 176 cm | ||
| Posisjon | Midtbane, Forsvar | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 1970-1974 | Bayern München | 109 | |
| 1974-1977 | Real Madrid | 84 | (10) |
| 1977-1978 | Eintracht Braunschweig | 30 | (10) |
| 1978-1983 | Bayern München | 146 | (66) |
| Landslag | |||
| 1971-1983 | Vest-Tyskland | 48 | |
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga | |||
Paul Breitner (fødd 5. september 1951) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Kolbermoor som representerte Vest-Tyskland i 48 landskampar. Han vart europameister 1972 og verdsmeister 1974 for Vest-Tyskland, samt ligameister med Bayern München i Vest-Tyskland og med Real Madrid i Spania.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Breitner spelte venstreback på det sterke Bayern München-laget frå 1970 til -74. Laget vann DFB-pokalen i 1971 og bundesliga 1972–74. I mai 1974 var han med å vinne europacupen ved å slå Atletico Madrid med 4–0 etter omkamp i finalen.
Sommaren 1974 vart han overført til Real Madrid mot tre millionar tyske mark. Dei neste tre sesongane gjorde han teneste for det spanske hovudstads-laget. I Real Madrid fekk han med seg den nasjonale dobbelt-triumfen i 1975, siger i liga og cup, og ein ligatittel nummer to i 1976. 1977/78 spelte han for Eintracht Braunschweig i bundesliga, då som speldrivar (playmaker) på midtbana.
Mot 1,75 millionar tyske mark vart Breitner overført til Bayern München sommaren 1978. Her fekk han ei sentral rolle på midtbana og var frå 1979 lagkaptein. I 1980 vann laget bundesliga for fyrste gong på seks år, ein triumf laget kopierte året etter. Våren 1982 vann FC Bayern DFB-pokalen etter 4–2 over FC Nürnberg. Derimot tapte laget europacupfinalen mot engelske Aston Villa med 0–1. Etter ein delvis skadeplaga sesong, la Breitner opp sommaren 1983.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Breitner fekk sin landslagsdebut 22. juni 1971 på Ullevål stadion i Oslo, ein privatlandskamp der gjestene slo vertane med 7 mål mot 1. Året etter vart han europameister då Sovjetunionen fekk stryk 0-3 i finalen i Brussel. Han spelte alle sju kampane under verdsmeisterskapen på heimebane i 1974. Gjennom turneringa skåra han tre mål, mellom anna utlikna han på straffespark i finalen mot Nederland.
29. april 1981 spelte Breitner sin 29. landskamp, fem-og-eit-halvt år etter den forrige. Verdsmeisterskapen 1982 i Spania deltok han i alle Vest-Tysklands sju kampar. I sin 48. og siste landskamp skåra han Tysklands trøystemål då Italia vann 3-1 i VM-finalen 1982 i Madrid. Skåringa var hans 10. i landslagsdrakta.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Verdsmeister: 1974 for Vest-Tyskland
- Europameister: 1972 for Vest-Tyskland
- VM-sølv: 1982 for Vest-Tyskland
- Vinnar av Europacupen: 1974 for Bayern München
- Tysk ligameister: 1972, 1973, 1974, 1980 og 1981 for Bayern München
- Vinnar av DFB-pokalen: 1971 og 1982 for Bayern München
- Spansk ligameister: 1975 og 1976 for Real Madrid
- Spansk cupmeister: 1975 for Real Madrid
- Finalist i Europacupen: 1982 for Bayern München
Ymse
[endre | endre wikiteksten]I 1981 vart Breitner kåra til Årets fotballspelar i Vest-Tyskland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Paul Breitner» frå Wikipedia på tysk, den 6. august 2026.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |