Europacupen i fotball 1980

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Europacupen i fotball 1980 var ei fotballturnering der vinnarane av 32 europeiske toppseriar i fotball var påmelde, attåt tittelforsvarar Nottingham Forest. Turneringa var den 25. i rekka. I finalen 28. mai 1980 i Madrid forsvarte Nottingham Forest meistertittelen med ein ny 1-0-siger, då mot vesttyske Hamburger SV. Triumfen var den andre rake for det engelske laget, og det var fjerde året på rad eit engelsk lag vann Europacupen i fotball.

Europacupen 1980 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkamp talde bortemål dobbelt. Turneringa tok til 29. august 1979 med ei forrunde mellom det irske og det nordirske seriemeisterlaget, Dundalk FC og Linfield FC. Etter to ordinære cuprundar i september-november, vart kvartfinalane og semifinalane avvikla i mars-april 1980.

Vinnarlaget frå Nottingham slo etter tur ut Östers IF frå Växjö, rumenske Argeș Pitești, austtyske Dynamo frå Berlin og Ajax Amsterdam. Finalemotstandar Hamburg sende både Valur Reykjavík, Dynamo Tblisi, Hajduk Split og Real Madrid ut av turneringa.

Lagoppstillingane i finalen, Nottingham Forest i raudt

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Om lag 51 000 tilskodarar såg finalen på Santiago Bernabeu i Madrid 28. mai 1980. John Robertson vart matchvinnar for Nottingham Forest, 20 minuttar ut i fyrste omgang.

Vinnarlaget Nottingham Forest bestod av: Peter Shilton, Viv Anderson, Larry Lloyd, Kenny Burns, Frank Gray, Ian Bowyer, John McGovern (kaptein), Gary Mills, Martin O’Neill, Garry Birtles og John Robertson. John O’Hare og Bryn Gunn kom inn etter høvesvis 66 og 77 minuttar, ut gjekk Mills og Gray.

Hamburg mønstra fylgjande mannskap: Rudi Kargus, Manfred Kaltz, Peter Nogly, Ivan Buljan, Ditmar Jakobs, Caspar Memering, Holger Hieronymus, Felix Magath (kaptein), Kevin Keegan, Willi Reimann, Jürgen Milewski. I pausen vart Hieronymus bytta ut med Horst Hrubesch.

Finaledommaren, Antonio José da Silva Garrido, var frå Portugal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]