Viv Anderson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Viv Anderson


Statsborgarskap Storbritannia, England
Fødd 29. juli 1956 (67 år)
Clifton
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1986, VM i fotball 1982, EM i fotball 1980, EM i fotball 1988

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen

Vivian Alexander Anderson (fødd 29. juli 1956)) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Nottingham. Han var høgreback på det store Nottingham Forest-laget som vann den engelske ligaen 1978 og europacupen to gongar. Anderson er historisk etter som han var den fyrste svarte fotballspelaren som spelte på England sitt landslag.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Anderson ligadebuterte i andredivisjon i 1975 og var med om å rykke opp til 1. divisjon våren 1977. Eitt år seinare stod han og lagkameratane att som engelske ligameistrar og vinnarar av ligacupen 1978. Våren 1979 lukkast Nottingham Forest å vinne ligacupen på ny, for så å slå Malmö FF i europacupfinalen. 28. mai 1980 forsvarte Anderson og laget topplassen i europacupen ved å vinne over Hamburger SVSantiago Bernabéu i Madrid. Sommaren 1984 vart han overført til Arsenal FC mot 220 000 pund. Med laget frå London vann han ligacupen 1987 etter 2-1 over Liverpool FC. Same året flytta han til Manchester United mot 250 000 pund, der han etter kvart hamna utanfor fyrstelaget og i januar 1991 fekk fripass til Sheffield Wednesday. Anderson bidrog til at klubben rykte opp i 1. divisjon og hevda seg godt i toppserien dei neste to sesongane. Sesongane 1993 til -95 tente han Barnsley og sist Middlesbrough.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Den 29. november 1978, i ein landskamp mot TsjekkoslovakiaWembley stadion i London, vart Anderson den fyrste svarte spelaren som aksla den engelske landslagsstrøya. Fram til mai 1988 deltok han i 30 kampar og skåra 2 landslagsmål. Han spelte for England under EM i fotball 1980, men var benkeslitar under verdsmeisterskapane 1982 og 1986.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]