Manfred Kaltz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Manfred Kaltz
5860Manfred Kaltz.JPG
Fødd 6. januar 1953
Ludwigshafen am Rhein

Manfred Kaltz (fødd 6. januar 1953) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Ludwigshafen som vart europameister med Vest-Tyskland i 1980 og vann Europacupen med Hamburger SV i 1983.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Kaltz var ein høgreback med stor løpskraft. Han spelte 581 kampar i den vesttyske bundesligaen i åra 1971 til 1991, alle saman på Hamburger Sportverein, og skåra 76 ligamål. Med laget sitt vart han vesttysk cupmeister i 1976, vinnar av Cupvinnarcupen 1977 og vesttysk ligameister i 1979, 1982 og 1983. Etter finaletap mot Nottingham Forest i Europacupen 1980 og mot IFK Göteborg i UEFA-cupen 1982, lukkast Hamburg og Kaltz å vinne Europacupen 1983 med 1-0 over Juventus i finalen. Sin siste triumf med laget sitt opplevde Kaltz då han i 1987 for andre gong var med å vinne den nasjonale cupmeisterskapen.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Kaltz debuterte på det vesttyske landslaget i september 1975, men det var fyrst i 1977 han fekk plass i fyrsteellevaren. Han spelte alle seks kampane til Vest-Tyskland under fotball-VM 1978 og deltok i fire kampar då Vest-Tyskland vann EM i fotball 1980, men var ikkje med i finalen. Derimot var han på bana då Vest-Tyskland tapte VM-finalen 1982 med 1-3 mot Italia. I februar 1983 spelte han i Lisboa sin 69. og siste landskamp. Han skåra åtte landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1980 med Vest-Tyskland
  • VM-sølv: 1982 med Vest-Tyskland
  • Vinnar av Europacupen: 1983 med Hamburger SV
  • Vinnar av Cupvinnarcupen: 1977 med Hamburger SV
  • Vinnar av Bundesliga: 1979, 1982 og 1983 med Hamburger SV
  • Vinnar av den vesttyske cupfinalen: 1976 og 1987 med Hamburger SV

Kjelder[endre | endre wikiteksten]