Peter Shilton
|
Shilton i desember 2008 | |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Peter Leslie Shilton | ||
| Fødd | 18. september 1949 (76 år) | ||
| Fødestad | Leicester i England | ||
| Høgd | 183 cm | ||
| Posisjon | Målvakt | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 1966–1974 | Leicester | 286 | (1) |
| 1974–1977 | Stoke | 110 | (0) |
| 1977–1982 | Nottingham Forest | 202 | (0) |
| 1982–1987 | Southampton | 188 | (0) |
| 1987–1992 | Derby | 175 | (0) |
| 1992–1995 | Plymouth | 34 | (0) |
| 1995 | Wimbledon | 0 | (0) |
| 1995 | Bolton | 1 | (0) |
| 1995–1996 | Coventry | 0 | (0) |
| 1996 | West Ham | 0 | (0) |
| 1996–1997 | Leyton Orient | 9 | (0) |
| Totalt | 1005 | (1) | |
| Landslag | |||
| 1970–1990 | England | 125 | (0) |
| Trenar for | |||
| 1992–1995 | Plymouth | ||
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga | |||
Peter Leslie Shilton (fødd 18. september 1949) er ein britisk-engelsk fotballspelar som vakta målet til England i 125 landskampar gjennom tjue år, 1970-90. Han spelte heile 1390 obligatoriske fotballkampar, meir enn nokon annan spelar. Shilton var i alle år aktiv i engelske fotballklubbar. Lengst teneste hadde han i Leicester City og Nottingham Forest, suksess opplevde han einast med laget frå Nottingham.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Shilton var målvakt i Leicester City frå mai 1966 til november 1972. Han deltok i 286 ligakampar for laget og stod i mål då klubben tapte FA-cupfinalen 1969 med 0-1 mot Manchester City. Etter knappe tre magre sesongar i Stoke City vart han i september 1977 overført til det Nottingham Forset, eit lag som vann den engelske ligaen i hans fyrste sesong. Der etter var Shilton med om å vinne ligacupen 1979 og europacupen både i 1979 og 1980. Frå sommaren 1982 spelte i fem sesongar for Southampton FC og så like lenge for Derby County, begge stadene utan nemnande suksess. Sidan 1992 hadde ei mislukka tid som spelande trenar i Plymouth, før han sleit reservebenkar i fem ulike klubbar i tida 1995-97.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Shilton fekk sin landslagsdebut i november 1970. Det neste tiåret stod valet om målvaktsplassen til det engelske landslaget mellom Shilton og Ray Clemence, som ofte veksla om å bere nummer 1-trøya. Inn i 1980-åra var Shilton det soleklare fyrstevalet og han var med i Englands-troppa til EM 1980, VM 1982, VM 1986, EM 1988 og VM 1990. Under verdsmeisterskapen i Italia spelte han sin 125. og siste landskamp då vertslandet i Bari slo England 2-1 i kampen om bronsemedaljane.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Peter Shilton» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2024.
- Einskildmenn
- Fødde i 1949
- Engelske fotballspelarar
- Leicester-spelarar
- Nottingham Forest-spelarar
- Southampton-spelarar
- Derby-spelarar
- Stoke-spelarar
- Plymouth-spelarar
- Leyton Orient-spelarar
- Bolton-spelarar
- Spelarar i Fotball-EM 1980
- Spelarar i Fotball-VM 1982
- Spelarar i Fotball-VM 1986
- Spelarar i Fotball-EM 1988
- Spelarar i Fotball-VM 1990