Felix Magath

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Felix Magath
Felix Magath bei einer Pressekonferenz des VfL Wolfsburg (cropped).JPG
Fullt namn Wolfgang Felix Magath
Fødd 26. juli 1953 (65 år)
Aschaffenburg i Vest-Tyskland
Høgd 172 cm
Posisjon Midtbane
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1972-74
1974-76
1976-86
Viktoria Aschaffenburg
1. FC Saarbrücken
Hamburger SV

76 (29)
306 (46)
Landslag
1977-86 Tyskland 43 (2)
Trenarkarriere
1995-97
1997-98
1998-99
1999-01
2001-04
2004-07
2007-09
2009-11
2011-12
2014
2016-17
Hamburger SV
FC Nürnberg
Werder Bremen
Eintracht Frankfurt
Stuttgart
Bayern München
Wolfsburg
Schalke 04
Wolfsburg
Fulham
Shandong Luneng

Klubbkampar og mål i nasjonal liga .

Wolfgang Felix Magath (fødd 26. juli 1953) er ein tysk tidlegare fotballspelar og seinare -trenar frå Aschaffenburg. Han vart europameister med Vest-Tyskland i 1980 og vinnar av Cupvinnarcupen og Europacupen, samt tre gongar Bundesliga-meister med Hamburger SV, ein klubb han spelte på i tida 1976-86. Den tidlegare midtbanespelaren har som fotballtrenar ført Bayern München til «The Double» både i 2005 og 2006 og VfL Wolfsburg til Bundesliga-triumf i 2009.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Etter to år på den lokale klubben Viktoria Aschaffenburg spelte Magath frå 1974 på andredivisjons-laget FC Saarbrücken. Sommaren 1976 vart han overført til topplaget Hamburger SV og dei neste ti åra var han ein sentral spelar på det som var den nordtyske fotballklubben si stordomstid. I mai 1977 skåra han det siste målet då Hamburg i Amsterdam vann finalen i Cupvinnarcupen med 2-0 over RSC Anderlecht. Seinare vart han Bundesliga-meister tre gongar i åra frå 1979 til 1983. Våren 1983 opplevde han òg høgdepunktet med Hamburg då han vart matchvinnar i Europacup-finalen mot italienske Juventus. Han la opp som spelar tre år seinare, etter å ha spelt 306 seriekampar på Hamburg og skåra 46 mål.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Magath debuterte på det vesttyske landslaget våren 1977, men det var fyrst tre år seinare han byrja etablere seg i laget. Han var innbytar i to kampar under Fotball-EM 1980. Under VM 1982 deltok han i fire av kampane til Vest-Tyskland, men kom ikkje på bana i VM-finalen. Etter verdsmeisterskapen var han ute av landslaget i to år og var såleis ikkje med i EM 1984. Under Fotball-VM 1986 spelte han alle kampane, heilt til han etter ein times spel i VM-finalen, på stillinga 0-2, vart bytta ut til fordel for Dieter Hoeneß. Etter sin då 43. landskamp la Magath opp som spelar, med til saman tre mål i den vesttyske landslagsdrakta.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Magath var i mange år trenar for fleire ulike tyske topplag i fotball. Han hadde stor suksess som trenar i Bayern München med dobbelsiger, triumf i Bundesliga såvel som DFB-cupen, både i 2005 og 2006. I 2009 leidde han VfL Wolfsburg til ein overraskande siger i bundesligaen.

Merittar (spelar)[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1980 med Vest-Tyskland
  • VM-sølv: 1982 og 1986 med Vest-Tyskland
  • Vinnar av Europacupen: 1983 med Hamburg SV
  • Vinnar av Cupvinnarcupen: 1977 med Hamburg SV
  • Vinnar av Bundesliga: 1979, 1982 og 1983 med Hamburg SV
  • Finalist i Europacupen: 1980 med Hamburg SV
  • Finalist i UEFA-cupen: 1982 med Hamburg SV

Kjelder[endre | endre wikiteksten]