Evi Sachenbacher-Stehle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Evi Sachenbacher-Stehle
Evi Sachenbacher Stehle Stockholm 2007.jpg
Fødd 27. november 1980
Traunstein
Evi Sachenbacher-Stehle på Commons

Evi Sachenbacher-Stehle (fødd 27. november 1980) er ein tysk tidlegare langrennar og skiskyttar frå Traunstein. Ho vann OL-gull i 4 x 5 km stafett i 2002 og i lagsprint i 2010, og vann VM-gull i i 4 x 5 km stafett i 2002. Sachenbacher-Stehle sikra seg fem OL-medaljar og seks VM-medaljar i langrenn i tida 1999-2010.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Langrenn[endre | endre wikiteksten]

Atten år gamle Sachenbacher deltok på det tyske stafettlaget som fekk bronse i Ski-VM 1999. To år seinare vann ho ei sprinttevling i verdscupen i heimlegeGarmisch-Partenkirchen. Sidan i karrieren sigra ho i to verdscuprenn; ein 5-km i Kiruna i november 2002 og ein 10-km i Falun i mars 2006.

Under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City sikra Sachenbacher seg sølvmedaljen i sprintøvinga framfor norske Anita Moen, begge var slått av russiske Julija Tsjepalova. To dagar seinare slo Sachenbacher på ny Moen då det gjaldt innspurten i 4 x 5 km stafett, og gav slik Tyskland ei høgst overraskande gullmedalje, dei andre på vinnarlaget var Manuela Henkel, Viola Bauer og Claudia Künzel. Den same kvartetten vart året etter også verdsmeistrar i 4 x 5 km stafett. Elles i Ski-VM 2003 kneip Sachenbacher sølvmedaljen på jaktstarten.

Sachenbacher-Stehle var med på alle dei tyske laga i 4 x 5 km stafett som kom på sølvplass ved både Vinter-OL 2006, ski-VM 2007 og 2009, samt Vinter-OL 2010. Under verdsmeisterskapen i Sapporo i 2007 tok ho også ein sølvmedalje på lagsprinten, i spann med Claudia Künzel. Tre år etter Sapporo-VM vart dei to olympiske meistrar i lagsprint då vinterleikane 2010 vart arrangert ved Vancouver.

Skiskyting[endre | endre wikiteksten]

Sesongane 2013 og -14 satsa Sachenbacher-Stehle på skiskyting og fekk plass på Tyskland sitt landslag i skiskyting. Under Vinter-OL 2014 i Sotsji kom ho på fellesstarten i mål som nummer fire, men fire dagar etter tevlinga vart ho diskvalifisert då urinprøva viste spor av det forbodne stoffet metylheksanamin. Ho slutta då med konkurranse-idrett.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

I tida 2003 til 2014 var Sachenbacher-Stehle med på å vinne fire stafettar og tre lagsprintar i langrenn, og to ordinære stafettar i skiskyting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]