FK Jerv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fotballklubben Jerv er eit idrettslag i Grimstad i Aust-Agder som spelar i OBOS-ligaen (2020). Fotballklubben vart stifta 21. august 1921 under namnet Vestergatens Fotballklubb. Laget spelar i gult, bortsett frå blå bukser. Heimekampane vert avvikla på Levermyr stadion, opna i 1954.

Jerv spelte på lokalt/regionalt serienivå fram til 1980-åra. Sesongane 1983-86 deltok laget så for fyrste gong i 2. divisjon. Etter å ha vunne avdelinga si på tredjenivå i norsk seriefotball i 2013, har Jerv spelt på nest høgst nivå sidan 2015. Klubben kvalifiserte seg i 2015 til omspelet om den siste plassen i 2016-års eliteserie, men tapte 1-3 mot IK Start i siste og avgjerande kamp.

Fram til 1999 hadde Jerv eit kvinnelag som hevda seg godt på nivå to i seriesystemet. Etter ein strid om prioriteringar mellom dei ulike laga i klubben, braut kvinneavdelinga ut og danna Amazon Grimstad.

Spelarstall[endre | endre wikiteksten]

Oppdatert 1. juli 2020 [1] Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Noreg K Benjamin Boujar
2 Flagget til Noreg F Torje Wichne
3 Flagget til Noreg F Bjørnar Hove
4 Flagget til Noreg F Espen Ramse Knudsen
5 Flagget til Noreg F John Olav Norheim
6 Flagget til Danmark MB Mathias Wichmann
7 Flagget til Noreg F Simon Larsen
8 Flagget til Noreg MB Thomas Zernichow
9 Flagget til Costa Rica MB Diego Campos
10 Flagget til Noreg A Alexander Dang
11 Flagget til Noreg MB Daniel Aase
13 Flagget til Noreg MB Håkon Suggelia
14 Flagget til Danmark F Daniel Arrocha
15 Flagget til Nigeria F Akeem Latifu
Nr. Posisjon Spelar
16 Flagget til Noreg MB Tobias Wangerud
17 Flagget til Noreg MB Andreas Hagen
18 Flagget til Noreg F Jørgen Solli
19 Flagget til Noreg F Iman Mafi
20 Flagget til Noreg K Øystein Øvretveit
21 Flagget til Noreg MB Tor Axel Bringsverd
23 Flagget til Noreg A Ole Marius Håbestad
26 Flagget til Noreg MB Mohammed Badran Abdalhalim
28 Flagget til Noreg F Jørgen Myhre
31 Flagget til Noreg MB Daniel Alexander Roppestad
39 Flagget til Argentina A Pibe
80 Flagget til Ghana MB Michael Baidoo (på lån fra Midtjylland)
Flagget til Noreg MB Marko Lawk Farji

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. A-laget spillere

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]