Fallosstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein heilag kvit stein av marmorDønna i Nordland. Steinen står på ein gravhaug, og vart sett opp her i 1993 etter å ha vore i Bergen museum frå 1836.

Fallosstein (av gresk phallos, erigert penis), betre kjend som heilag kvit stein, er den arkeologiske nemninga for ein særeigen type steinmonument frå jarnalderen i Noreg. Fallossteinane har form som den mannlege kjønnslemen i paringsstilling, og er hogd til i eitt stykkje av kvite eller ljose steinsortar. Ettersom dei er funne i graver, eller i samband med gravhaugar, har dei truleg vore nytta som kultgjenstandar i ymse slags forfedrekult som fremja avlekraft og grøderikdom i ættene.

I Noreg er det funne eller registrert om lag nitti slike heilage kvite steinar, for det meste i kystområda frå Troms til Vest-Agder, og dei vert tidfesta til perioden 200 til 600 e.Kr. Høgda på steinane ligg mellom 20 og 100 cm, tverrmålet er frå 10 til 50 cm. Somme av dei har ornament kring sokkelen, og mange har ei line eller ei smal, grunn kløft tvers over den kuppelforma toppen.

Svenske gravkuler av stein[endre | endre wikiteksten]

Gravklot og bautastein midt på toppen av gravhaugen Inglinge Hög på eit stort gravfelt i nærleiken av Ingelstad, Växjö i Småland i Sverige. Bautasteinen og og gravklotet er ornert; steinen er 1,9 meter høg, 1,8 meter brei og 0,2 meter tjukk. Gravklotet har største tverrmål på 0,78 meter og minste tverrmål 0,57 meter. Haugen vart utgrave i 1774.
Gravklot ved Högs kyrka i Hudiksvalls kommun i Sverige, flytta dit frå ein gravhaug i soknet.

Det har vore diskutert om det er ein samanheng i meiningsinnhald mellom dei norske fallossteinane og såkalla gravkuler eller gravklot av stein frå svenske graver og gravhaugar frå same tidsperioden, utan at det er drege konklusjonar alle er samde om.

Døme på fallosfigurar nytta i kult kring i verda til ulike tider[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]