Finn Kristensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Finn Kristensen
Fødd24. juli 1936 (85 år)
Brevik
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
VervNorsk industriminister 4. februar 1981–14. oktober 1981
FøregangarLars Skytøen
EtterfylgjarJens-Halvard Bratz
VervNorsk industriminister 9. mai 1986–16. oktober 1989
FøregangarPetter Thomassen
VervNorsk olje- og energiminister 3. november 1990–31. desember 1992
FøregangarEivind Reiten
VervNorsk olje- og energiminister 1. januar 1993–7. oktober 1993
EtterfylgjarJens Stoltenberg
VervStortingsrepresentant 1969–1973, 1973–1977, 1977–1981, 1981–1985

Finn Kristensen (fødd 24. juli 1936) er ein norsk politikar frå Brevik i Telemark. Han var i tida 1981-93 statsråd i tre regjeringar leia av Gro Harlem Brundtland, og stortingsrepresentant frå Telemark og for Arbeidarpartiet frå 1969 til 1985.

Yrke og stortingsrepresentant[endre | endre wikiteksten]

Kristensen var son til ein sveisar. Etter å ha vore lærling 1950-53 gjekk han 1954/55 sterkstraumlina ved Oslo elementærtekniske skole. Det neste året var han elektriker til sjøs, medan han åra 1958-62 var elektrikar ved Dalen Portland Cementfabrikk Norcem. Frå 1962 til -65 var han instruktør i Arbeidernes opplysningsforbund, sidan fylkessekretær i Telemark Arbeidarparti til 1969.

Valperioden 1960-63 var Kristensen medlem i Eidanger heradsstyre. Etter kommunesamanslåing var han medlem i Porsgrunn kommunestyre i to valperiodar, 1964-67 og 1968-71. I september 1969 vart han vald til å representere Arbeidarpartiet og Telemark fylke på Stortinget. Han var då 1969-73 medlem i Forsvarskomiteen. Etter attval 1973 og -77 var han medlem i Industrikomiteen til 16. oktober 1979, då han vart vald til formann i same komite.

Statsråd[endre | endre wikiteksten]

Då Gro Harlem Brundtland danna si fyrste regjering, 4. februar 1981, vart Kristensen utnemnd til industriminister, ein post han hadde til regjeringa gjekk av midt i oktober. Stortingsperioden 1981-85 var Kristensen nestformann i Energi- og industrikomiteen.

Etter eit mellomspel som direktør i T-invest på Notodden kom Kristensen tilbake som statsråd også i Brundtlands andre regjering. Frå 9. mai 1986 til regjeringa måtte gå 16. oktober 1989, leia han Industridepartementet/Næringsdepartementet. I om lag eitt år var han så avdelingsdirektør i Statoil.

Også då Brundtland skipa regjering for tredje gong, 3. november 1990, tok ho med Kristensen med i statsrådskollegiet. Han fekk då leie Olje- og energidepartementet, seinare kalla Nærings- og energidepartementet, til han vart skifta ut 7. oktober 1993. I realiteten var det mykje same departementet som han styrte i tida 1986-89.

Næringsdrivar[endre | endre wikiteksten]

Frå 1994 gjekk Kristensen over til å drive forretning. Han starta då opp F.K. Bedriftsutvikling, som han leia til 2007. Åra 1994-97 var han elles rådgjevar for selskapa ABB og FIBA Nordic Securities.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]