Eivind Reiten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eivind Reiten
Fødd 2. april 1953

Midsund

Eivind Kristofer Reiten (fødd 2. april 1953 i Midsund i Møre og Romsdal) er ein norsk politikar frå Senterpartiet og næringslivsleiar.

Reiten har hatt ei rad politiske verv og var mellom anna statssekretær og statsråd i fiskeridepartementet (fiskeriminister) på midten av 1980-talet. Han arbeidde deretter ei tid i Norsk Hydro før han returnerte til politikken i åra 19891990. Han var då statsråd i olje- og energidepartementet (olje- og energiminister) og hadde ansvaret for liberaliseringa av den norske energimarknaden.

Reiten gjekk attende til Hydro i 1991, og blei generaldirektør i 2001. Han slutta i stillinga 30. mars 2009, og Svein Richard Brandtzæg tok over. Samtidig tok Reiten til som styreleiar i industriselskapet Norske Skog.

Som konsernsjef i Hydro har delte han selskapet i tre. Det som tidlegare var gjødseldivisjonen er no det sjølvstendige selskapet Yara, den tidlegare olje- og gassdivisjonen vart seld til Statoil (StatoilHydro), medan hovudverksemda i Hydro no er aluminiumsproduksjon.

Reiten var frå 1. til 4. oktober 2007 styreleiar for oljeselskapet StatoilHydro. Han gjekk av etter mistankar om at olje- og gassdivisjonen i Hydro hadde vore involvert i korrupsjon i Libya på byrjinga av tiåret. Hydro hadde ikkje rapportert om denne hendinga under fusjonsforhandlingane med Statoil, som då med ein gong sette i gang undersøkingar då saka kom opp.

Eivind Reiten er utdanna sosialøkonom frå Universitetet i Oslo. Han er gift og har to barn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]