Finnskogen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tjern på Finnskogen

Finnskogen (finsk Suomalaismetsät) er eit stort samanhengande skogområde som strekkjer seg langs begge sider av riksgrensa mellom Solør i Noreg og Värmland i Sverige, der Trysil Finnskog dannar nordgrensa. Lokalt blir namnet uttalt fiɳɳ`skoga, noko som er ei stivna dativform av namnet. Namna Eidskog Finnskog, Vinger Finnskog, Brandval Finnskog, Grue Finnskog, Hof Finnskog, Åsnes Finnskog og Våler Finnskog finst brukt om delar av området i samsvar med tidlegare kommunegrenser. Området er spreidd folkesett. Svullrya i Grue kommune dannar eit slags uoffisielt senter for den norske delen av Finnskogen.

Omfang[endre | endre wikiteksten]

Området ligg i kommunane Kongsvinger, Grue, Åsnes, Våler og Trysil i Innlandet i Noreg og i Torsby kommun i Värmland i Sverige. Det kan grovt sett avgrensast av busetnadene ved Glåma i vest, Klara i aust, Eidskog (Skotterud og Magnor) i sør og Trysilvegen (Rv 25) i nord.

Vegetasjonsmessig er Finnskogen prega av skrinn morenejord med furu og lyngmoer. Jordbruket er prega av små gardsbruk med dyrehald og lite kornproduksjon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ritamäki finngård i Lekvattnets socken, den sist bebudde røykstova på Finnskogen.

Områda har namn etter dei finske innvandrarane, såkalla skogfinnar, som reiste frå Finland til Sverige på 1570-talet fram til utvandringa ebba ut i 1630-åra. Utvandringa frå Savolaks kom i gang ved at kongen gav seks år skattefridom for dei som dro. Det som gjorde innvandringa mogleg var at savolaksarane hadde med seg ei ny driftsform, svedjebruket, som gjorde at dei kunne busetje seg i område der nordmenn og svenskar ikkje hadde busett seg tidlegare.


Erik Pontoppidan skreiv i 1752 at dei første finnane kom til Noreg allereie i 1624, men det er neppe rett. Først frå 1640-talet ligg det føre skriftlege opplysningar om finsk busetjing på Finnskogene.[1] Kjerneområdet for den norske «finnekulturen» ligg i Grue og Åsnes. Innvandringa kom i overveiande grad frå området Savolax i Finland. Det finst også tilsvarande «finnskogar» eller «finnemarkar» andre stader på Austlandet, både mellom Hedmark og Akershus og mellom Akershus, Oppland, Oslo og Buskerud (sjå Finnemarka der). Også i Sverige finst det slike isolerte «finnskogar», mellom anna Orsa Finnmark i Dalarna og i Tiveden i Västra Götalands län.

Skogfinnar er i dag anerkjende som ein av dei fem nasjonale minoritetane i Noreg. Den årlege festivalen Finnskogdagane feirar proklameringa av Republikken Finnskogen.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Skogfinnane snakka skogsfinsk, dvs. savolaksdialekten av finsk frå 1600-talet. Språket var i bruk av alle generasjonar på både norsk og svensk side på 1800-talet då C.A. Gottlund frå Finland vitja dei. Språket var framleis i bruk i Noreg i første halvpart av 1900-talet. De siste talaren på svensk side døydde så seint som på 1980-talet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]