Austersjøfinske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dei austersjøfinske språka er ei gruppe av nærslekta finsk-ugriske (og dermed uralske) språk som blir tala i området kring Austersjøen. To austersjøfinske språk, finsk og estisk, er offisielle språk i eigne nasjonalstatar. Dei fleste andre austersjøfinske språka har berre ein handfull brukarar att og er i ferd med å døy ut. Det sørlegaste austersjøfinske språket er livisk, som er eit minoritetsspråk i Latvia. Dei næraste slektningane til dei austersjøfinske språka er samisk.

Dei austersjøfinske språka er ikkje innbyrdes forståelege, skilnadene dei i mellom er omtrent som mellom norsk, færøysk og islandsk.

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Finsk og estisk har vorte skrive med det latinske alfabetet i bortimot 500 år. Karelsk og vepsisk vart først skrive med kyrillisk alfabet, deretter fekk dei latinsk alfabet på 1930-talet, før det vart skifta til kyrillisk alfabet etter 1937. Etter Sovjetunionens samanbrot har det vorte publisert ABC-bøker på karelsk og vepsisk på det latinske alfabetet.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Det er ein del variasjon i lydsystema dei austersjøfinske språka i mellom. Alle har rike vokalsystem, men der finsk og livisk har det same vokalsystemet som svensk, har estisk og dei austlegaste språka ein del andre vokalar, m.a. /õ/, ein bakre, urunda vokal. Karelsk og vepsisk har palatalisering som ein viktig prosess, dette er eit fenomen dei deler med russisk, som dei er sterkt påverka av.

Grammatisk sett framstår dei austersjøfinske språka som ei gruppe svært like språk, med trekk som samlar dei og skil dei frå samisk og mordvinsk. Alle språka har mange kasus, m.a. med dobbelt sett (indre og ytre) lokalkasus. Adjektiv og determinativar kongruerer med hovudordet substantiv i kasus, ingen andre språk i verda enn dei austersjøfinske har kasuskongruens men ikkje genusdistinksjon.

Verba blir bøygd i person og tal (singularis, pluralis), og i modus.

Syntaktisk sett er dei austersjøfinske språka SVO-språk.

Leksikon[endre | endre wikiteksten]

Skilnadene dei austersjøfinske språka i mellom er særleg leksikalske. Det uralske ordforrådet og dei gamle lånordslaga er det same i alle språka, men det siste tusenåret har lånordskjeldene vore ulike: Finsk har fått lånord frå svensk, estisk frå tysk, livisk frå latvisk, og dei andre austersjøfinske språka frå russisk.

Skiljet mellom finsk og estisk er større enn ein kan få inntrykk av ved å høyre på språka, dei har nemleg mange såkalla «falske vener», av typen norsk «kunstig», svensk «konstig», t.d. fi piimä «surmjølk» est. piim «mjølk», fi. huvittava «morosamt», est. huvitav «interessant».

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Austersjøfinske språk[endre | endre wikiteksten]


Austersjøfinske språk
estisk | finsk | ingrisk | karelsk | kvensk | livisk |
livvisk | meänkieli | vepsisk | votisk | sørestisk