Stjernebiletet Pegasus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pegasus
Pegasus
Latinsk namn Pegasus
Forkorting Peg
Genitivsform Pegasi
Symbologi Hesten, seinare i poesien «hesten med vengene»
Rektasensjon 23 h
Deklinasjon 15°
Areal 1121 kvadratgrader
nr. 7 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
5
Sterkaste stjerne Enif (ε Peg) (2,39. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −65°

Pegasus (frå latin Pegasus) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Det var eit av dei 48 stjernebileta oppførte av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta.

Med ein tilsynelatande storleik som varierer mellom 2,37 og 2,45, er den mest lyssterke stjerna in Pegasus den oransje superkjempa Epsilon Pegasi, eller Enif, som markerer mulen til hesten. Alfa (Markab), Beta (Scheat) og Gamma (Algenib), dannar i lag med Alfa Andromedae (Alpheratz eller Sirrah) den store asterismen Pegasusfirkanten. Ein har funne tolv stjernesystem i biletet med eksoplanetar.

Karakteristikk[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Pegasus slik det er for det nakne auga.

Pegasus grensar til Andromeda i nord og east, Øgla i nord, Svana i nordvest, Reven, Delfinen og Folen i vest, Vassmannen i sør og Fiskane i sør og aust. Dei offisielle grensene til stjernebiletet vart teikna av Eugène Delporte i 1930, og er definert som eit polygon på 35 segment. Biletet dekkjer 1 121 kvadratgrader, og er det 7. største av dei 88 stjernebileta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stjernebiletet Pegasus

Koordinatar: Sky map 23h 00m 00s, +20° 00′ 00″