Triangelet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Triangelet
Triangelet
Latinsk namn Triangulum
Forkorting Tri
Genitivsform Trianguli
Symbologi Sicilia
Rektasensjon 2 h
Deklinasjon 32°
Areal 132 kvadratgrader
nr. 78 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne β Tri (3,00. mag.)
Meteorsvermar

Ingen

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −58°

Triangelet (frå latin Triangulum) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Triangelet var eit av dei 48 stjernebileta som astronomen Klaudios Ptolemaios skreiv ned på 100-talet. Kartografane Johann Bayer og John Flamsteed katalogiserte stjernene i stjernebiletet og gav seks av dei Bayernemning.

Stjernebiletet Triangelet slik det er for det nakne auga.

Dei kvite stjernene Beta og Gamma Trianguli med tilsynelatande storleik på høvesvis 3,00 og 4,00, dannar grunnlinja i trekanten og den gulkvite Alfa Trianguli, med storleiksklasse 3,41, ligg i toppen. Iota Trianguli er ei kjend dobbeltstjerne, og ein kjenner til tre stjernesystem med planetar. Stjernebiletet har fleire galaksar, og den mest lyssterke og nærmaste av desse er Triangelgalaksen eller Messier 33 — eit medlem av Den lokale gruppa. Den første kvasaren som vart observart, 3C 48, ligg òg i Triangelet.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Triangelet

Koordinatar: Sky map 02h 00m 00s, +30° 00′ 00″