Fomes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fomes
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Underrike: Dikarya
Rekkje: Stilksporesoppar Basidiomycota
Underrekkje: Hymeniesoppar Agaricomycotina
Klasse: Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes
Orden: Poresoppordenen Polyporales
Familie: Polyporaceae
Slekt: Fomes
Fr.

Fomes er ei slekt av fleirårige vedaktige soppar i familien Polyporaceae. Artar i slekta er typisk hovforma. Ny vekst i kvar sesong blir lagt til marginen, og dette fører til ein vekst nedover av vevsjiktet hymenium. Dette fører ofte til at den øvre overflata til soppen blir delt opp i soner, eller merka med band av ulike fargar.

Namnet kjem frå latin fomes, som tyder ‘knusk’. Dette kjem frå den utbreidde bruken av knuskkjuke, Fomes fomentarius, til dette føremålet.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Fomes blei fyrst introdusert av Elias Magnus Fries som ei underslekt av Polyporus i verket Genera Hymenomycetum i 1836. Han gav gruppa status som slekt i 1849.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Artar i slekta har fleirårige, hovforma fruktlekamar som sit direkte på vekstunderlaget utan stilk. Overflaten av kappa har hard, glatt skorpe som varierer i farge frå grå til svartleg. På undersida av hatten er poreoverflata bleik brun med små porer og brune røyrlag. Det harde og fiberrike kjøtet er bleikt brunt. Fruktkroppen blir stratifisert, eller utviklar striper, etter fleire år med vekst.

Artar[endre | endre wikiteksten]

Index Fungorum reknar med 59 arter av Fomes (juni 2017):[1]

Fomas hemitephrus fotografert i Tasmania

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]