Fowey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fowey

kornisk Fowydh
Fowey, Town Quay
Fowey, Town Quay
Plassering
Fowey is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Cornwall
Distrikt Cornwall
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

2 273
Koordinatar 50°20′″N 4°38′″WKoordinatar: 50°20′″N 4°38′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer PL23
Telefon-retningsnummer 01726
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fowey

Fowey (kornisk Fowydh, uttalt [ˈfɔɪ]) er ein liten by, sokn og hamn for skipstransport ved munningen av elva Fowey i sørlege Cornwall i England. I samsvar med folketeljinga i 2001 var folkesetnaden på 2 273 innbyggjarar.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Utsyn over hamna i Fowey.
Fowey sett frå sjøsida. Soknekyrkja sentralt i bildet.

Undersøkinga i Domesday Book frå mellomalderen på slutten av 1000-talet har nedteikna herregardane ved Penventinue og Trenant, og eit nonnekloster som snart vart etablert i nærleiken av Tywardreath. Rundt 1300 løyvde klostret eit charter til folk som budde i Fowey. Denne mellomalderlandsbyen gjekk frå ei nordleg gate i nærleiken av Boddinick Passage til ei sørleg gate som i dag er Lostwithiel Street. Byen strekte seg eit stykke opp åsen og grensa på den andre sida av elva der handelsmennene hadde husa deira ned mot vatnet. Den naturlege hamna tillét at handelen utvikla seg med kontinentet og lokale skipseigarar leigde ofte ut skip til kongen som støytte til dei mange krigane hans, skjønt byen fekk òg eit rykte for piratverksemd, noko fleire andre byar òg fekk. På 1300-talet var hamna verna av 160 bogeskyttarar, men etter at desse vart trekt tilbake vart det bygd to blokkhus på begge sider av munningen til hamna. Trass i desse forsvara vart byen angripen av franske styrkar i 1457. Ei lita borg vart bygd på St Catherine’s Point, den vestlege sida av inngangen til hamna, ein gong rundt 1540. Forsvarsverka viste verdet sitt då eit hollandsk angrep vart slått tilbake i 1667.[2]

Folka i Fowey tok hovudsakleg parti med rojalistane i løpet av den engelske borgarkrigen, men i 1644 førte jarlen av Essex ein parlamentarisk hær til Lostwithiel og okkuperte halvøya rundt Fowey. I august omringa rojalisthæren hæren til Essex og kong Karl I sjølv såg på Fowey frå Hall Walk over Polruan der han kom nært nok til å bli drepen av eit skot frå ein muskett. Den 31. august tvinga eit kavaleri frå parlamentarikarane vegen deira gjennom linjene til rojalistane og trekte seg tilbake mot Saltash. Dei etterlét seg fotsoldatane som måtte bli evakuert via sjøvegen frå Fowey. Essex og ein del offiserar greidde å unnslippe, men mesteparten av hæren overgav seg nokre få dagar seinare i nærleiken av Golant og deretter marsjert til Poole, men de fleste døydde før nådde fram.

Seinare historie[endre | endre wikiteksten]

Last av kinaleire ca 1904.

Inntektene frå hamna vart sterkt redusert då handelen gjekk til Plymouth og andre stader. Fiske vart viktig, men lokale handelsfolk dreiv ofte med kaperfart og ein del dreiv smugling ved sida av. Eksport av tinn, kopar, og jarnmalm, saman med viltfangst og kinaleire (ein komponent i porselen, òg kalla kaolin) vart viktige industriar i området og førte til utbetringar av rivaliserande hamner. Stranda West Polmear vart utgraven for å bli hamna ved Charlestown ein gong rundt 1800, og det same skjedde med Pentewan i 1826.[3]. Joseph Austen frakta kopar frå Caffa Mill Pill ovanfor Fowey for ei tid ført han byrja arbeidet med den nye hamna i Par i 1829.[4] Fowey måtte vente i ytterlegare førti år før den same utviklinga kom dit, men den naturlege djuvassforankringa på staden og tilknyting til jarnbana gav han snart ein fordel framfor dei kunstige hamnene med kort djupn i nærleikane av gruvene og verka for kinaleire. I mellomtida hadde eit fyrtårn vorte reist på Gribben Head av Trinity House for å forbetre navigeringa til Fowy og rundt bukta Par.

Hamnekommisjon i Fowey vart etablert ved parlamentslov i 1869 for utvikle og forbetre hamna. Den 1. juni det same året vart ein jernbanelinje med breidd på 2140 mm opna, Lostwithiel and Fowey Railway, og i 1873 opna Cornwall Mineral si Railway (CMR) jernbanelinje med sporbreidde på 1435 mm frå Newquay og Par til Caffa Mill Pill og Carne Point. Begge desse jarnbanene frakta i byrjinga berre frakt, men den 20 juni 1876 vart ein passasjerstasjon opna på CMR-linja. Lostwithiel-linja vart nedlagt mote slutten av 1879, men vart opna att av CMR som ein standard sporbreidde i 1895, og den korte opninga mellom dei to linjene ved Carne Point vart såleis fjerna. Passasjertog frå Par vart trekt tilbake etter 1934 og frå Lostwithiel i 1965. Par-linja vart til siste omgjort til ei dedisert jarnbane for frakt for kinaleire frå Par etter at alle toga gjekk via Lostwithiel.[5]

Livbåttenesta, Royal National Lifeboat Institution, etablerte ein livbåtstasjon, Fowey Lifeboat Station, i nærleiken av bykaia i 1922 for å erstatte ein tidlegare stasjon ved Polkerris. Denne vart erstatta i 1997 av ein ny fasilitet i Passage Street.[6] To livbåtar vart stasjonert ved Fowey: Maurice og Joyce Hardy, begge i Trent-klassa, ein allvêrsbåttype.

Lokalstyre[endre | endre wikiteksten]

Last av kinaleire ved Carne Point i moderne tid.

Fowey valde to medlemmar til det ikkje-reformerte Underhuset fram til lova om reform av 1832 fjerna all representasjon som ein roten valkrets og hadde mista posisjonen sin som borough nokre år tidlegare.[7] Landsbyen vart restaurert som ein kommunal borough i 1913, og vart då slått saman med naboen og langt større St. Austell i 1968 for å danne boroughen St. Austell with Fowey. Dette vart i seg sjølv erstatta i 1974 av Restormel Borough, som vart erstatta av Cornwall råd, Cornwall Council, i 2009.[8]

I tilhøve til lokalstyre er Fowey eit sivilt sokn med eit byråd og ein ordførar. Lokalregjeringa sitt ansvar er delt av byrådet og Cornwall-rådet. Forutan byen Fowey i seg sjølv omfattar soknet kystområdet mellom munningen elva Fowey og bukta St. Austell Bay, inkludert Gribben Head og dei små busetjingane ved Menabilly, Polkerris, Polmear og Readymoney.[9][10] Soknet Fowey ligg mellom valkretsane St Austell og Newquay for det britiske parlamentet og valkretsane for Europaparlamentet for Sørvest-England.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Fowey ligg på sørkysten av (den austlege delen) av område til Cornwall for særskild vent naturområde. Det ligg i enden av Saints' Way og har ferje tvers over elva til Polruan og Bodinnick. Det er mange historiske bygningar i byen, blant anna ruinane av St Catherine's Castle, ei lita festning som vart bygd av kong Henrik VIII for å verne hamna. Readymoney Cove, ei lokal sandstrand, med eit stadnamn som seier noko om aktivitetane til fortida. Forfattaren Daphne du Maurier budde ei tid her i løpet av den andre verdskrigen.

Religiøse stader[endre | endre wikiteksten]

Soknekyrkja til Fowey midt i byen.

Ei populær, om enn usannsynleg segn hevdar at Jesus vitja Fowey som born, saman med Josef frå Arimatea som handla tinn i dei lokale gruvene. Inngangen til hamna på den austlege sida av klippene mot sørvest for St Saviour's Point står ein kross til minne om dette påståtte besøket. Krossen er markert på svært tidlege charter og vart oppretthalde av munkane frå Tywardreath. Krossen er kjent lokalt som «Punches Cross», kanskje avleidd frå namnet Pontius Pilatus.

Eit stykke vest for fyrtårnet på vestsida av hamneinngangen, rett under toppen på klippekanten er det eit lite område med gras kjent som «Johnny May's Chapel». Dette namnet trur ein kjem frå ein metodistpredikant i ei tid då dei som ikkje stod i statskyrkja, vart forfølgt.

Fowey soknekyrkje er tileigna helgenen Finbarr. Kyrkja vart bygd tidleg på 1300-talet og helgeninnvigd på nytt i 1336. Det er eit midtskip og to sideskip med klerestorium. Sideskipa er uvanleg vide, og både sideskipa som klerestorium kan ha vore tillegg på 1400-talet. Tårna er på fire etasjar og avstivningsmur og ornamentband. Fontena er normannisk av lokal kvartsstein, tilsvarande til dei i Ladock, Feock og St Mewan. Monumenta omfattar to minneplater i messing frå midten av 1400-talet og dei av John Rashleigh, 1582, og Alice Rashleigh, 1602. Det er òg to seinare monument for Rashleigh-familien, John Rashleigh, ca 1610, og eit anna frå 1683.[11]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Fowey har blomstra som ei hamn sidan mellomalderen, opphavleg som handel sin- og ein flåteby, deretter som eit senter for eksport av kinaleire. I dag er Fowey oppteke med trålfiske og yachtar.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Som kystby er skipsfart og småbåt liv viktig for Fowey.

Både Western Greyhound og First Devon and Cornwall opererer faste bussruter, nummera 25, 524 og 525, mellom Fowey, jernbanestasjonen i Par og St Austell.

Det går ferjetenester over elva til Bodinnick og Polruan.

Sjølv om jernbanestasjonen i Foway stengte for passasjerar i 1965 er Lostwithiel til Fowey enno open for godstrafikk. Den næraste passasjerstasjonen er i Par der det går tog til Penzance, Newquay, Plymouth, Bristol, og London Paddington.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Fowey har to skular, grunnskule og vidaregåande, som begge ligg i Windmill Road.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Utsyn mot Fowey frå Polruan Fore Street.

Fowey har vore inspirasjon for fleire forfattarar, inkludert Arthur Quiller-Couch (som nytta signaturen 'Q'), Daphne du Maurier og Kenneth Grahame. Byen var den fremste bustaden til Q frå 1892 og framover og mange av historiene hans er plassert i «Troy Town», ein litterært stad som var ein tynn forkledning for Fowey. Daphne du Maurier Festival blir halde i Fowey kvar mai, den månaden ho vart fødd.[12]

Ein regatta blir halde årleg kvar tredje veke i august og det er ein årleg julemarknad den første helga i desember. Hovudmarknaden ligg på Fowey Town Quay, medan andre hendingar skjer i og rundt om i byen. Fowey Fringe Festival byrja i 2007 og er ein musikkfestival for akustisk musikk som blir halde på pubar, restaurantar, seglklubbar og på gatene i byen i løpet av festivalen for Daphne du Maurier. Fowey er ofte vertskap for musikarar då byen ligg i nærleiken av det kjende Sawmills Studio i Golant, som vart grunnlagt av musikkprodusenten Tony Cox i 1974.

Spora[endre | endre wikiteksten]

Kysten utanfor Fowey er populære for fiskarar og undervassfiske. Mange fiskar og andre sjødyr finst rundt kysten av Cornwall, blant anna mulle, havabbor, makrell, hummar og blekksprut. Mange av desse kan ein sjå i akvariet i Fowey som ligg midt i byen. Her finst det blant anna ein sjeldan storpletta raudhai som er albino. Sjømaten som blir servert i mange av restaurantane i Fowey kjem frå elvemunning eller frå havet rett utanfor. Royal Fowey Yacht Club ligg i fronten til hamna.[13]

Kjende innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare kjende innbyggjarar
  • Mary Bryant (1765 – ?) vart fødd i Fowey før ho vart frakta som straffange til kolonien New South Wales i Australia der ho var av dei første rømlingane.[14]
  • Mabel Lucie Attwell (1879 –1964) var ein britisk illustratør. Ho var kjent for sine søte, nostalgiske teikningar av born, basert på dottera hennar Peggy. Teikningane hennar er kjent frå mange postkort, reklame, plakatar, bøker og små statuettar.
  • Kenneth Grahame (1859 – 1932) var ein forfattar som er kjent for The Wind in the Willows (1908). Han budde delar av året i Fowey i løpet av 1890-talet og tidleg inn på 1900-talet.[15]
  • Arthur Quiller-Couch (1863–1944) busette seg i Fowey i 1891 og vart der resten av livet.[16] Quiller-Couch var ein produktiv forfattar og professor i engelsk litteratur.
  • Daphne du Maurier (1907–1989) var ein internasjonalt kjend forfattar, blant anna av romanen Rebecca, som sidan vart filmatisert av Alfred Hitchcock.
I dag

Mange rike innbyggjarar med kjendisstatus hus rundt byen, noko som har pressa opp bustadprisane i området i ein slik grad at det har gjort det vanskeleg for dei lokale å få kjøpt bustad her.[17] Mellmo anna bur underhaldningsartistane og ekteparet Lenny Henry og Dawn French i eit kostbart hus ved Readymoney Cove.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Fowey» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juli 2011.
  • Henderson, Charles (1935): Fowey. I: Essays in Cornish History, redigert av A. L. Rowse & M. I. Henderson; ss. 26–43
  1. Neighbourhood Statistics
  2. Keast, John (1987) [1950]: The Story of Fowey. Redruth: Dyllansow Truran. ISBN 1-85022-035-2.
  3. Ward-Jackson, C. H (1986). Ships and Shipbuilders of a Westcountry Seaport: Fowey 1786-1939. Truro: Twelveheads Press. ISBN 0-906294-11-8
  4. Keast, John (1982): The King of Mid-Cornwall. Redruth: Dyllansow Truran. ISBN 0-907566-29-4.
  5. Vaughan, John (1991): The Newquay Branch and it sine Branches. Sparkford: Haynes/Oxford Publishing Company. ISBN 0-860934-70-5.
  6. Leach, Nicholas (2002): Fowey Lifeboats, an Illustrated History. Stroud: Tempus Publishing. ISBN 0-7524-2378-9.
  7. Fowey - LoveToKnow 1911
  8. St Austell RD Cornwall through time: Administrative history of Local Government District: hierarchies, boundaries
  9. «Fowey Town Council». Fowey Town Council.
  10. «Election Maps». Ordnance Survey.
  11. Pevsner, N. (1970): Cornwall; 2. rev. utg. Enid Radcliffe. Penguin; s. 70
  12. Daphne du Mauriers nettstad
  13. Coombs, Joan (2000): A Fowey Jig-Saw: the History of the Royal Fowey Yacht Club. Fowey: RFYC Books. ISBN 0953962202.
  14. «Australian Dictionary of Biography (The: Online Edition)»
  15. "The Literature Network"
  16. Brittain, F. (1948): Arthur Quiller-Couch. Cambridge: University Press
  17. Kirby, Terry; Roberts, Geneviève (4. november 2006): «The two faces of Cornwall». London: The Independent

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]