Freden i Ryswick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Huis ter Nieuwburg, gravering av Jan van Vianen etter P. Schenck
Rijswijk-nåla, ein obelisk til ære for freden i Ryswick

Freden i Ryswick vart signert den 20. september 1697 og kalla opp etter Ryswick (i dag Rijswijk) i Dei sameinte Nederlanda. Avtalen avgjorde niårskrigen, der Frankrike kriga mot Storalliansen til England, Spania, Det tysk-romerske riket og Dei sameinte Nederlanda.

Forhandlingane starta i mai. Franske representatar hadde hovudkvarteret sitt i Haag og dei allierte var baserte i Delft: konferansen fann stad mellom dei to byane i Huis ter Nieuwburg i Ryswick.

Dei kom ikkje fram til noko som helst dei første vekene, så i juni utpeikte dei to hovudpersonane i kampen, Vilhelm III av Oranien og Ludvig XIV av Frankrike, kvar ein representant som møttest privat. Dei to utvalde var William Bentinck, jarl av Portland og marskalk Boufflers, og dei kom snart fram til vilkåra i avtalen, som den tysk-romerske keisaren Leopold I og Karl II av Spania ikkje godtok. Kort tid etter gav Spania etter, og den 20. september vart ein fredsavtale signert mellom Frankrike og dei tre statane England, Spania og Dei sameinte Nederlanda. Vilhelm overtalte så Leopold til å gjere fred, og ein avtale mellom Frankrike og Det tysk-romerske riket vart signert 30. oktober.

Grunnlaget for freden var at alle byane og områda som var erobra sidan Nijmegen-traktaten (1679) skulle gjevast attende. Frankrike overgav så Freiburg, Breisach og Philippsburg - til Det tysk-romerske riket, men heldt sjølv Strasbourg. På den andre sida fekk franskmennene Saint-Domingue (seinare Haiti) og fekk attende Pondicherry (etter å ha betalt nederlendarane ein sum av 16 000 pagodas) og Nova Scotia, medan Spania fekk attende Catalonia og grensefestningane Mons, Luxembourg og Kortrijk. Hertugdømet Lorraine, som i mange år hadde vore underlagt Frankrike, vart gjeven attende til Leopold Josef, ein son av hertug Karl IV av Lorraine, og nederlendarane fekk løyve til å legge hovudfestningane i Dei spanske Nederlanda i garnison, inkludert Namur og Ypres. Ludvig måtte respektere Vilhelm III som konge av England, og lovde å ikkje støtte Jakob II av England vidare i kampen om den engelske trona. Han sa òg frå seg kravet om Kurfyrstedømet Köln.

Niårskrigen vart òg utkjempa i Nord-Amerika, der han vart kalla Kong Vilhelm-krigen. Dei franske koloniane Acadia og Ny-Frankrike (Canada), i lag med deira indianske allierte (hovudsakleg abenaki, pennacook og huron), kjempa med dei nordengelske koloniane og deira indianske allierte (mellom anna irokesarane og mohawk). Freden i Ryswick sette tilbake grensene slik dei hadde vore før krigen (status quo ante bellum). Irokesarane gav opp engelskmennene som sine allierte, og heldt fram å krige mot dei franske koloniane fram til 1701.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]