Frederik Macody Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frederik Macody Lund

Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. november 1863
Stavanger kommune
Død

16. desember 1943 (80 år)
Farsund kommune

Yrke historikar
Politisk parti Den Nationale Legion
Ektefelle Augusta Andrea Lund
Frederik Macody Lund på Commons

Julius Frederik Macody Lund (18. november 186316. desember 1943) var ein norsk historikar og omstridd kulturaktør.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Frederik Macody Lund voks opp i Stavanger, der faren var skipsreiar. Etter middelskole-eksamen i 1880 braut han, grunna sjukdom, av skulegangen straks før eksamen artium. Han var så elev ved Christiania Theater. Straks før han skulle debutere deltok han i ein pipekonsert mot teatersjefen, som hadde nekta å sette opp Ibsen-stykket Gengangere. Dei neste åra var han mykje utanlands, både i København og i andre storbyar i Europa. Innimellom var han lærar i Kristiania og i Bergen.

Frå sommaren 1889 budde Macody Lund i Noreg og livnærde seg som huslærar til han i 1892 vart tilsett stortingsstenograf, ei stilling han hadde til 1897. År 1896 kjøpte han konsesjonen for utbygging av telefoni i Farsund og på Lista. Farsund og Oplands Telefonanlæg kom i drift før jul 1897.

Macody Lund var mykje opptatt av mellomalderens økonomiske historie. Særleg engasjerte han seg i restaureringa av Nidarosdomen i Trondheim. Då Christian Christie la fram planar for restaurering av vestskipet og vestfronten i 1903, lanserte Macody Lund eit motforslag der han introduserte skjermfronten og rosevindauget. Desse elementa tok Olaf Nordhagen med i sine planar frå 1907.

I 1915 lanserte Macody Lund idéen om at Nidarosdomen var konstruert etter det gylne snitt. Frå Stortinget fekk han stønad til å utvikle forslaget sitt til gjenreising av vestskipet og vestfronten, i konkurranse med dei planane Nordhagen hadde laga. Denne «systemstriden» førte til store forseinkingar i restaureringsarbeida. Macody Lund presenterte sitt system i verket Ad Quadratum i 1919, men fyrst i 1922 vart striden avgjort ved at eit internasjonal ekspertutval forkasta Macody Lund sitt system. Stortinget vedtok i 1923 å fullføre restaureringa av Nidarosdomen etter Nordhagen sine planar.

Frå 1929 var Macody Lund statsstipendiat.

Politisk hevda han konservative, nasjonalistiske og antidemokratiske synspunkt, ein periode var han positiv til Benito Mussolini sitt fascistiske diktatur i Italia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]