Fridtjov Hegge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fridtjov Otto Hegge (28. juni 186813. september 1926) var ein norsk jurist og stortingsmann frå Trondheim.

Etter å ha gått Trondhjems katedralskole tok Hegge juridisk embetseksamen i 1891 og advokaturen i 1901. I tida frå 1892 til 1899 arbeidde han ulike stader i landet; som sakførarfullmektig 1892-93 i Haugesund, tilsett 1893-94 hos sorenskrivaren i Søndre Helgeland, statsadvokatfullmektig 1894-96 i Troms og Finnmark og overrettssakførar 1896-99 i Harstad. Frå 1899 var Hegge overrettssakførar i Kristiania, statsadvokat 1911–13. Sidan var han sorenskrivar i Namdalen 1913–18, krigsdommar i 5. divisjon 1918–20 og lagmann i Gula- og Frostating lagdømme frå 1920 til han døydde i 1926.

Hegge var aktiv venstremann frå yngre år. Såleis var han medlem av bystyret i Kristiania 1904-13. Valperioden 1919-21 representerte han einmannskrinsen Namdalen og partiet VenstreStortinget. Der var han medlem i Konstitusjonskomitéen 1919-20 og formann i komitéen 1920–21.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]