Gaudi av Alan Parsons Project

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gaudi
Studioalbum av The Alan Parsons Project
Utgjeve Januar 1987
Innspelt Oktober 1985 – august 1986
The Grange
Mayfair Studios
Sjanger
Lengd 38:47
Selskap Arista
Produsent Alan Parsons, Eric Woolfson
The Alan Parsons Project-kronologi
Stereotomy
(1985)
Gaudi Freudiana
(1990)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Rolling Stone2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

Gaudi er det tiande studioalbumet av The Alan Parsons Project, gjeve ut i 1987. Gaudi syner til Antoni Gaudí,[3] den katalanske arkitekten som laga den kjende bygningen som opningssporet refererer til, Sagrada Família.

I den siste endringa i kjernen av medlemmar i Alan Parson Project, erstatta broren til saksofonisten og klaverspelaren Richard Cottle, Laurie, David Paton på bass. Albumet vart spelt inn i The Grange i Norfolk og Mayfair Studios i London.

Dette var det siste, ekte studioalbumet til Alan Parsons Project, og siste gongen vokalisten Lenny Zakatek song på eit Parsons-album. Sjølv om albumet The Sicilian Defence kom ut i 2014, var det opphavleg spelt inn i 1979 og aldri meint å bli høyrt av publikum.

Under låtskrivinga for det som skulle bli oppfølgjaren, gjorde Eric Woolfson det om til ein rockeopera, og gav det sidan ut som Freudiana i 1990. Alan Parsons heldt fram som soloartist i 1993 med Try Anything Once, eit album som fullførte den musikalske evolusjonen som starta med dette albumet.

Ein musikal av Eric Woolfson med same namn er basert på songar frå dette albumet og vart sett opp i 1993 i Tyskland med songar sungne på engelsk.

Songane «Closer to Heaven» og «Money Talks» vart nytta i ein episode av tredje sesongen av TV-serien Miami Vice, medan «Paseo de Gracia» var i ein episode av femte sesongen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne og komponerte av Alan Parsons og Eric Woolfson.

Side ein
# TittelSolovokal Lengd
1. «La Sagrada Familia»  John Miles 8:46
2. «Too Late»  Lenny Zakatek 4:31
3. «Closer to Heaven»  Eric Woolfson 5:52
Side to
# TittelSolovokal Lengd
4. «Standing on Higher Ground»  Geoff Barradale 5:03
5. «Money Talks»  John Miles 4:26
6. «Inside Looking Out»  Eric Woolfson 6:22
7. «Paseo de Gracia»  Instrumental 3:47
Bonusspor på 2008-utgåva
# Tittel Lengd
8. «Too Late» (guidevokal av Woolfson) 4:11
9. «Standing on Higher Ground/Losing Proposition» (vokaleksperiment) 3:56
10. «Money Talks» (overdubbing av Chris Rainbow med perkusjon) 0:35
11. «Money Talks» (uferdig miks) 4:26
12. «Closer to Heaven» (overdubb med saksofon og Chris Rainbow) 0:47
13. «Paseo de Gracia» (uferdig miks) 3:44
14. «La Sagrada Familia» (uferdig miks) 7:25

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1987 Billboard 200 57
1987 UK Albums Chart 66
1987 Canada 53
1987 Noreg 8
1987 Spania (AFYVE) 1

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Tittel Liste (1987) Plassering
«Standing on Higher Ground» US Mainstream Rock Tracks 3

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Spania(PROMUSICAE)[4] Gull 50 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. DeGagne, Mike. Gaudi av Alan Parsons ProjectAllmusic
  2. https://www.rollingstone.com/music/albumreviews
  3. The album refers to Antonio, rather than Antoni. The Alan Parsons Project Gaudi, The Avenue, 1997.
  4. «Sólo Éxitos 1959–2002 Año A Año: Certificados 1979–1990» (på spansk). Iberautor Promociones Culturales. ISBN 8480486392.