Lenny Zakatek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lenny Zakatek
Lenny Zakatek 06.jpg
Lenny Zakatek i Teatre Municipal d’Artà (2014)
Fødd29. juli 1947 (73 år)
FødestadKarachi i Britisk India
FødenamnLenny du Platel
Alias«The Voice» i The Alan Parsons Project
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1964
SjangerFunk, rock, blues, R&B, disco, soul, pop
Instrumentvokal
Tilknytte artistarThe Alan Parsons Project, Gonzalez, Pilot, Funky Fever, Trailblazers
PlateselskapEMI, A&M
Verka somsongar

Lenny Zakatek, (fødd 12. oktober 1947, fødd Lenny du Platel) er ein pop- og rockesongar fødd i Karachi i det som vart Pakistan. Han har budd i London sidan han var 13 år. Han er mest kjend for arbeidet sitt i dei britiske banda Gonzalez og The Alan Parsons Project.

Mellom 1974 og 1981 var Zakatek frontmann i Gonzalez. Dei spelte inn fleire populære album, som Our Only Weapon Is Our Music og Shipwrecked. I 1977 vart han òg fast vokalist for The Alan Parsons Project, og song på albuma deira i over ti år.

I 1979 gav Zakatek ut det første soloalbumet sitt, Lenny Zakatek, som var produsert av Alan Parsons for A&M Records. I 1986 skipa Zakatek bandet The Immortals med John Deacon på bassgitar og Robert Ahwai på sologitar.

I 1988 byrja han ein parallell karriere som manager, forleggjar og produsent. Han var manager for tre japanske artistar, Tomoyasu Hotei, Miki Imai og Kumiko Yamashita.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lenny Zakatek