The Alan Parsons Project

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Alan Parsons Project
Alan Parsons live.jpg
Alan Parsons Live Project, juni 1998.
OpphavLondon, England
Aktiv1975–1990
Sjanger
InstrumentEMS VCS 3
Tilknytte artistar
Plateselskap
Tidlegare medlemmerAlan Parsons
Eric Woolfson

The Alan Parsons Project var eit britisk rockeband som var aktiv frå 1975 til 1990,[1] og som bestod av ein kjerne av Alan Parsons og Eric Woolfson. Dei hadde med seg ei rekkje forskjellige studiomusikarar og somme relativt faste bandmedlemmar som gitaristen Ian Bairnson, arrangøren Andrew Powell, bassisten og vokalisten David Paton, trommeslagaren Stuart Elliott og vokalistane Lenny Zakatek og Chris Rainbow. Parsons var lydteknikar av yrke, men òg musikar og komponist. Woolfson var låtskrivar, pianist og songar. Nesten alle songane deira er tilskrivne «Woolfson/Parsons».

The Alan Parsons Project gav ut 11 studioalbum i løpet av den 15 år lange karrieren. Eit tolvte The Sicilian Defence var opphavleg spelt inn i 1979, men kom ut i 2014. Dei meir kjende albuma deira var I Robot og Eye in the Sky. Some av dei mest kjende songane deira er «The Raven», «(The System of) Dr. Tarr and Professor Fether», «I Wouldn't Want to Be Like You», «Games People Play», «Time», «Snake Eyes», «Sirius»/«Eye in the Sky», «Old and Wise» og «Don't Answer Me».

Karriere[endre | endre wikiteksten]

1974–1976: Skiping og debut[endre | endre wikiteksten]

Alan Parsons møtte Eric Woolfson i kantina på Abbey Road Studios sommaren 1974. Parsons hadde vore assisterande lydteknikar på The Beatles-albuma Abbey Road (1969) g Let It Be (1970), lydteknikar på Pink Floyd sitt The Dark Side of the Moon (1973) og produsent for fleire artistar på EMI Records.[2] Woolfson, ein låtskrivar og komponist, arbeidde som studiopianist medan han komponerte songar for eit konseptalbum basert på verka til Edgar Allan Poe.[3]

Etter at Parsons spurte Woolfson om å bli manageren hans, styrte han karrieren til Parsons som produsent og lydteknikar gjennom ei rekkje suksessar, som Pilot, Steve Harley, Cockney Rebel, John Miles, Al Stewart, Ambrosia og The Hollies.[2] På denne tida vart Parsons stadig frustrert over å måtte tilpasse seg synet til somme av musikarane han meinte blanda seg inn i produksjonen hans. Ideen Woolfson fekk om å lage eit album var basert på utviklinga i filmindustrien, der fokuset skifta frå filmstjerner til regissørar som Alfred Hitchcock og Stanley Kubrick. Om filmindustrien kunne bli eit medium for regissørane, meinte Woolfson at musikkindustrien vel kunne bli eit medium for produsentane.

Woolfson hadde materialet sitt for Edgar Allan Poe-prosjektet, og såg ein måte å kombinere talenta til seg sjølv og Parsons. Parsons produserte og var lydteknikar på songane dei to skreiv og komponerte, og det første Alan Parsjons-prosjektet var i gang. Det første albumet deira, Tales of Mystery and Imagination (1976), kom ut på 20th Century Fox Records og inneheld mange bidrag frå alle medlemmane i gruppene Pilot og Ambrosia. Det vart ein suksess og nådde topp 40 på den amerikanske Billboard 200.[2] Songen «The Raven» vart sungen av skodespelaren Leonard Whiting. I følgje teksten i omslaget til den ommastra versjonen frå 2007 var dette den førte rockesongen som nytta ein digital vocoder, der Alan Parsons snakka teksten gjennom apparatet, sjølv om andre som Bruce Haack var ein pioner på dette feltet på 60-talet.

1977–1990: Stor suksess og dei siste utgjevingane[endre | endre wikiteksten]

Arista Records signerte så kontrakt med The Alan Parsons Project for fleire album. Gjennom slutten av 1970-åra og tidleg i 1980-åra vart gruppa stadig meir populære. Dei var alltid meir populære i Nord-Amerika, Latina-Amerika og på det europeiske kontinentet enn i heimlandet, og fekk aldri ein singel inn på topp 40 eller eit album inn på topp 20 der. Singlane «I Wouldn't Want to Be Like You», «Games People Play», «Damned If I Do», «Time» (den første singelen deira med Woolfson på solovokal) og «Eye in the Sky» gjekk alle inn på Billboard Hot 100. «Don't Answer Me» vart den siste hitten deira i USA. Han nådde topp 15 på den amerikanske lista i 1984. Etter desse suksessrike utgjevingane vart gruppa mindre populære. Dei fekk færre hitsinglar og platesalet dalte. Gaudi vart i 1987 den siste plata deira, men dei hadde planlagt eit album til kalla Freudiana (1990).

Musikalen Freudiana[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om studioutgåva av Freudiana vart produsert av Parsons (og med spelt inn med mange av dei faste musikarane deira, så det vart eit «uoffisielt» Project-album), var det hovudsakleg Woolfson sin ide om å gjere det om til ein musikal. Dette førte til slutt til splid mellom dei to musikarane. Medan Parsons gjekk solo og tok mange av medlemane frå the Project med seg på ein verdsturné, fortsette Woolfson å produsere musikalar inspirert av musikken til The Project. Freudiana, Gaudi, and Gambler var tre musikalar som inkluderte Project-songar som «Eye in the Sky», «Time», «Inside Looking Out» og «Limelight». Konsertopptaka frå Gambler vart berre distribuert på spelestaden i Mönchengladbach i Tyskland.

The Sicilian Defence[endre | endre wikiteksten]

I 1979 hadde Parsons, Woolfson og plateselskapet Arista ein disputt om gjenforhandling av platekontrakten, då dei to leverte eit instrumentalt album kalla The Sicilian Defence, etter opningstrekket i sjakk kalla siciliansk forsvar, noko som utan tvil var for å kome seg ut av platekontrakten.[4] Arista nekta å gje ut albumet, men forhandlingane førte til ein ny kontrakt.

I intervju han gav før han døydde i 2009,[5] sa Woolfson at han planla å gje ut eit spor frå «Sicilian»-albumet, som i 2008 kom ut som eit bonusspor på ei nyutgjeving av Eve. Ei stund seinare fann han originalopptaka. Parsons, som hadde sagt han håpte banda aldri vart funnen, endra meining og annonserte at dei kom til å gje ut albumet som ein del av plateboks kalla The Complete Albums Collection i 2014.[6]

Solokarrieren til Alan Parsons[endre | endre wikiteksten]

Parsons gav ut album under sitt eige namn. Desse var Try Anything Once (1993), On Air (1996), The Time Machine (1999), A Valid Path (2004) og The Secret (2019). Samstundes laga Woolfson eit konseptalbum kalla Freudiana (1990), om arbeidt til Sigmund Freud innan psykologi, og Poe: More Tales of Mystery and Imagination (2003); som fortsette frå det første albumet til Alan Parsons Project om litteraturen til Edgar Allan Poe.

Tales of Mystery and Imagination (1976) vart miksa på ny i 1987 før det kom ut på CD, og inneheld forteljing av Orson Welles spelt inn i 1975, men som kom for seint fram ti å bli med på det originale albumet.

Stil[endre | endre wikiteksten]

Stilen til bandet er blitt skildra som progressiv rock,[7][8] kunstrock,[8] progressiv pop,[7] og softrock.[9] «Sirius» er den mest kjende songen deira. Han er blitt nytta som inngangsmusikk for mange amerikanske idrettslag, mellom anna av NBA-laget Chicago Bulls i 1990-åra.

Fleire gjestevokalistar song på songane deira. I seinare år song Woolfson sjølv på fleire av songane. Plateselskapet pressa Parsons til å bruke han meir men Parsons føretrekte dei meir polerte songarane. Woolfson innrømde sjølv at han ikkje var i den kategorien. I tillegg til Woolfson, var vokalistane Chris Rainbow, Lenny Zakatek, John Miles, David Paton og Colin Blunstone ofte med.[2] Andre songarar har vore Arthur Brown, Steve Harley, Gary Brooker, Dave Terry a.k.a. Elmer Gantry, Vitamin Z-medlemmen Geoff Barradale og Marmalade-medlemmen Dean Ford, som berre song ein eller to gonger for The Project. Parsons song sjølv solo på ein song («The Raven») men det var gjennom ein vocoder, og korvokkal på andre.

Fleire av musikarane som arbeidde med Alan Parsons Project var faste. Desse var mellom andre gruppa Pilot, med Ian Bairnson (gitar), David Paton (bass) og Stuart Tosh (trommer).[2] Klaverspelaren i Pilot, Billy Lyall, spelte òg med dei. Frå Pyramid (1978) og frametter vart Tosh erstatta av Stuart Elliott frå Cockney Rebel. Bairnson spelte på alle albuma, og Paton var mest nesten heilt til slutt. Andrew Powell var ofte orkesterarrangør (og ofte korarrangør) på alle albuma utanom Vulture Culture (1985), då ha komponerte filmmusikken til Richard Donner-filmen Ladyhawke (1985). Denne musikken var delvis i stilen til The Project, og hovudsakleg spelt inn med dei faste Project-musikarane, og var produsert av Parsons, som òg var lydteknikar. Powell komponerte òg noko musikk for dei to første Project-albuma. For Vulture Culture og seinare var Richard Cottle fast medlem på synthesizer og saksofon.

The Project spelte berre ein konsert i den originale inkarnasjonen, fordi Woolfson og Parsons føretrekte å vere låtskrivarar og produsentar, og hadde tekniske vanskar med å gjenskape musikken på scenen på grunn av dei mange instrumenta som var involvert. I 1990-åra utvikla teknologien seg med digitale samplarar. Ved eitt høve vart bandet introdusert som 'The Alan Parsons Project' under ei framføring på Night of the Proms i oktober 1990 med alle dei faste Project-medlemmane, utanom Woolfson, som var bak scenen, medan Parsons var miksar. Utanom på den siste songen, spelte han akustisk gitar.

Sidan 1993 har ein ny versjon av bandet med Parsons på akustisk gitar, klaverinstrument og vokal eksistert i forskjellige variantar. Den versjonen vart kalla Alan Parsons Live Project og bestod av songaren P.J. Olsson, gitaristen Jeffrey Kollman, trommeslagaren Danny Thompson, klaverspelaren Tom Brooks, bassisten Guy Erez, vokalisten og saksofonisten Todd Cooper, og gitaristen og vokalisten Dan Tracey. I 2013 spelte Alan Parsons Live Project i Colombia med fullt kor og orkester som 'Alan Parsons Symphonic Project'. Ei dobbel CD-plate og ein DVD-versjon vart gjeven ut i mai 2016.

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Offisielle medlemmar
  • Alan Parsons – produksjon, lydteknikar, programmering, komposisjon, klaverinstrument, gitar (1975–)
  • Eric Woolfson – komposisjon, tekstar, piano, klaverinstrument, vokal, leiande produsent (1975–1987, 1990)
Andre medverkande

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Andre[endre | endre wikiteksten]

  • The Philharmonia Orchestra Plays the Best of The Alan Parsons Project (1983 – orkesteralbum av Andrew Powell)
  • Ladyhawke (1985 – filmmusikk av Powell, med Parsons som produsent og lydteknikar)
  • Freudiana (1991 – i røynda eit soloprosjekt av Woolfson)

I populærkulturren[endre | endre wikiteksten]

The Simpsons-episoden «Homerpalooza» forklarer Homer 70-tals rockemusikk for Lisa, Bart og Milhouse: «Grand Funk Railroad bana veg for Jefferson Airplane, som klarerte vegen for Jefferson Starship. Scenen var klar for The Alan Parsons Project, som eg trur var eit slags svevefartøy.»

I filmen Austin Powers: The Spy Who Shagged Me frå 1999 vert våpenet som Dr. Evil har sett opp på månen kalla 'The Alan Parsons Project'.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Alan Parsons – Bio FAQ Discography». Alanparsonsmusic.com. Arkivert frå originalen 12. desember 2009. Henta 27. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 729–730. ISBN 1-84195-017-3. 
  3. «History @». The-alan-parsons-project.com. Arkivert frå originalen 16. juli 2011. Henta 27. mars 2020. 
  4. «Alanparsonsmusic.com». Alanparsonsmusic.com. 20. desember 1948. Arkivert frå originalen 7. juli 2011. Henta 27. mars 2020. 
  5. «Eric Woolfson on Facebook». Facebook.com. Henta 27. mars 2020. 
  6. Mansfield, Brian (14. februar 2013). «Alan Parsons on the road again». USA Today. Henta 28. mars 2020. 
  7. 7,0 7,1 Wilson, Rich. «Alan Parsons Project: «I think we were part of the punk rebellion»». Team Rock. Henta 14. desember 2016. 
  8. 8,0 8,1 Houle, Zachary (3. desember 2013). «The Alan Parsons Project: I Robot (Legacy Edition)». PopMatters. Henta 28. mars 2020. 
  9. Stuessy, Joe (1990). Rock and Roll: Its History and Stylistic Development. Prentice Hall. s. 380. ISBN 0-13-782426-2. 
  10. John Miles, Laurence Cottle, Ian Bairnson, Contributed to The Alan Parsons Project Arkivert 31. oktober 2007 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: The Alan Parsons Project