Stereotomy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stereotomy
Studioalbum av The Alan Parsons Project
Utgjeve November 1985
Innspelt Oktober 1984 – august 1985
Mayfair Studios
Sjanger
Lengd 41:58
Selskap Arista
Produsent Alan Parsons og Eric Woolfson
The Alan Parsons Project-kronologi
Vulture Culture
(1984)
Stereotomy Gaudi
(1987)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Rolling Stone1/5 starsStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

Stereotomy er det niande studioalbumet av The Alan Parsons Project, gjeve ut i 1985.

Det selde ikkje så godt som føregangaren Vulture Culture, og er strukturert annleis enn tidlegare Project-album med tre lange spor («Stereotomy» er over sju minutt, «Light of the World» over seks og den instrumentalen «Where's the Walrus?» er sju og eit halvt) og to minutt-lange songar til slutt. Albumet vart laga heilt digitalt og både LP- og CD-utgåvene vart koda med tokanals Ambisonic UHJ-format.

Den originale vinylutgåva var annleis frå alle seinare nyutgjevingar. Det hadde eit noko meir utførleg plateomslag, der papiromslaget kom med eit spesielt fargefilter kring seg. Dette filtrerte somme av fargane på omslaget, slik at ein fekk fire forskjellige variantar (to per side). Dette var meint å symbolisere visuell stereotomi. På nyutgjevingar var det berre ein variant. Plateomslaget gjorde at plata vart nominert til Grammyprisen for beste plateomslag.

Ordet «stereotomy» er teken frå «The Murders in the Rue Morgue» av Edgar Allan Poe. Det refererer til å kutte eksisterande faste former i forskjellige andre former. Det vert nytta som ein metafor for måten kjende folk (songarar, skodespelarar osv.) ofte vert 'forma' av krava kjendistilværet fører med seg.[3]

Stereotomy vart òg Grammynominert i 1987 forr beste rockeinstruental med «Where's the Walrus?»[4][5]

Stereotomy er siste albumet til Alan Parsons Project med David Paton på bass. Han vart medlem av turnébandet til Elton John.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne og komponerte av Alan Parsons og Eric Woolfson.

Side ein
# TittelSolovokal Lengd
1. «Stereotomy»  John Miles 7:18
2. «Beaujolais»  Chris Rainbow 4:27
3. «Urbania»  instrumental 4:59
4. «Limelight»  Gary Brooker 4:39
Side to
# TittelSolovokal Lengd
5. «In The Real World»  John Miles 4:20
6. «Where's The Walrus?»  instrumental 7:31
7. «Light of the World»  Graham Dye 6:19
8. «Chinese Whispers»  instrumental 1:01
9. «Stereotomy Two»  John Miles 1:21
Bonusspor på 2007-utgåva
# Tittel Lengd
10. «Light of the World» (bakgrunnsspor) 6:12
11. «Rumour Goin' Round» (demo) 5:00
12. «Stereotomy» (guidevokal av Eric Woolfson) 6:36
13. «Stereotomy» (uferdig miks) 1:24

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1985 The Billboard 200 43
1986 Canada 32
1986 Spain (AFYVE) 5

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Tittel Liste (1985) Plassering
«Stereotomy» Billboard Hot 100 82
US Mainstream Rock Tracks 5

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

Ein kan sjå eit eksemplar av Stereotomy i eit særs kort glimt i filmen The Big Lebowski då Maude ber The Dude sjå gjennom platene hennar.

«Limelight» vart nytta av NBC Sports for ein musikkvideo i 1986 med New York Mets då dei hadde slått Boston Red Sox og vart meistrar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. StereotomyAllmusic
  2. https://www.rollingstone.com/music/albumreviews
  3. Bill Henderson (16. februar 1986). «Review: The Alan Parsons Project, Stereotomy». Orlando Sentinel. Henta 3. april 2020. 
  4. «History of The Alan Parsons Project». The-alan-parsons-project.com. Arkivert frå originalen 3. november 2011. Henta 3. april 2020. 
  5. «1987 Grammy Awards». MetroLyrics. Henta 3. april 2020.