Gauk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gauk
Gauk
Gauk
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]Utbreiinga av Gauk
Utbreiinga av Gauk
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Gaukefuglar Cuculiformes
Familie: Gaukefamilien Cuculidae
Slekt: Cuculus
Art: Gauk C. canorus
Vitskapleg namn
Cuculus canorus

Gauk (vitskapleg namn Cuculus canorus) er ein fugl i gaukefamilien.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Gauken er ein trekkfugl som ein kan finne over heile Europa (unnateke Island), i Nord-Afrika og det meste av Asia, men ikkje i India. Han finst ikkje i Amerika, Australia eller Oseania.

Europeiske gaukar overvintrar i Afrika, sør for Sahara.

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

Gauken finst over heile landet; frå kysten og opp til høgfjellet. Han kjem attende fra vinteropphaldet i slutten av april og byrjinga av mai. Hannane kjem om lag ei veke før hofuglane. Dei vaksne fuglane kan starte hausttrekket alt i juli. Ungfulane nokre veker seinare.[2]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Lengda er frå 32 til 36 cm, og vekta er mellom 105 og 130 gram. Velet er langt, tynt, og med tydeleg avrunding i enden. Oversida er jamt grå, mørkare bakover velet. Undersida er lys grå med tydelege mørke tverrstriper. Vengene er lange, smale og spisse. Vengespennet er frå 54 til 60 cm. Hofuglen er litt mindre enn hannen, og er meir brungul på undersida. Hofuglen finst og i ein sjeldan brunraud variant. Enkelte ornitologar reknar denne varianten som ei eiga underart, med nemninga C. c. rufina. Ungfuglane er brunare på oversida. Gauken har eit kort og spinkelt nebb. Den ytste tåa kan vendast både framover og bakover.

Gauken flyg som oftast lågt og snøgt over bakken. I flukt kan den minne om ein tårnfalk eller ein sporvehauk. Når han sit, ofte helt ope på ein stolpe eller ein telefon- eller el-tråd, held han vengene lågt under kroppen medan han lyftar velet.

Røyrsangar matar gaukunge.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Gauken lever først og fremst av insekt (biller, augestikkarar, grashopper o.a.) og larvar (særleg sommarfugllarvar og andre hårete larvar).

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Gauken legg egg i reira til andre fuglar, og lèt dei fø fram ungane. Det er mindre fuglar sine reir gauken nyttar. Den vanlegaste verten er heipiplerke. Ei gaukhoe legg 10 til 20 egg på ein hekkesesong. Egga er små i høve til storleiken på gauken, men til vanleg merkbart større enn dei andre egga i reiret. Gaukungen vert klekt først. Han skubbar dei andre egga ut or reiret. Etter kvart som fosterforeldra matar gaukungen, veks han seg større enn dei. Han vert mata eit par veker etter at reiret er forlate. Gauken vert kjønnsmoden etter eit år.

Lyd[endre | endre wikiteksten]

Hanngauken gjel. Den vanlegaste lyden er det kjende «ko-ko». Når den merkar at det er hofuglar i nærleiken, kan det og høyrast «ko-ko-ko». I Noreg kan ein høyre gauken gale frå slutten av april til midten av juli. Hofuglen gir frå seg ei lågmelt trille.

Årets fugl i 2007[endre | endre wikiteksten]

Norsk ornitologisk foreining har i 2007 peika ut gauk som «årets fugl». Det tyder mellom anna at det vart samla inn så mykje informasjon som råd om denne fuglearten.

Folketru[endre | endre wikiteksten]

Gauken har vorte tillagt fleire eigenskapar i gamal folketru. Mellom anna vart det sagt at han kunne spå om framtida.

Den som kom under gauketre kunne få tre ynskje oppfylt.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Ordet «gauk» er eit onomatopoetikon (lydhermande ord). Sjølve nemninga er nok ei herming av gaukemålet, enda om det er k-k i galinga, men g-k i fuglenemninga. Dei som ikkje seier gauk, seier «jøk». Det kjem av at au i nokre målføre vart til ø, og framfor ø vert g-lyden til j-lyd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av gjøk Cuculus canorus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 12. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 12. mars 2022. Henta 12. mars 2022. 

Språkrådet

Wikipedia på bokmål

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gauk