Gene Parsons

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gene Parsons
Fødd4. september 1944 (75 år)
FødestadMorongo Valley
OpphavUSA
Aktiv1966 til i dag
SjangerRock, countryrock, bluegrass
InstrumentGitar, trommer, banjo, munnspel
PlateselskapBakersfield International, Columbia, Warner Bros., Sierra, Stringbender
Verka somMusikar, låtskrivar, lydteknikar

Gene Victor Parsons (fødd 4. september 1944) er ein amerikansk trommeslagar, banjospelar, gitarist, låtskrivar og nyskapande lydteknikar, som er mest kjend som medlem av The Byrds frå 1968 til 1972. Parsons spelte òg inn soloalbum og var medlem av banda Nashville West, The Flying Burrito Brothers og Parsons Green. Parsons er kjend for å ha funne opp B-Bender (òg kjend som StringBender) i lag med Clarence White.[1]

Han er ikkje i slekt med Gram Parsons, som han spelte i lag med.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Parsons-White String Bender». Vintage Gitar. Henta 16. oktober 2010.