Mr. Tambourine Man av The Byrds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mr. Tambourine Man
Studioalbum av The Byrds
Språk engelsk
Utgjeve 21. juni 1965
Innspelt 20. januar – 22. april 1965
Studio Columbia Studios, Hollywood, CA
Sjanger
Lengd 31:35
Selskap Columbia
Produsent Terry Melcher
The Byrds-kronologi 
Mr. Tambourine Man Turn! Turn! Turn!
(1965)


Singlar frå Mr. Tambourine Man
  1. «Mr. Tambourine Man»
    Utgjeve: 12. april 1965
  2. «All I Really Want to Do»
    Utgjeve: 14. juni 1965
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[1]

Mr. Tambourine Man er debutalbumet til det amerikanske folkrockbandet The Byrds og kom ut i juni 1965 på Columbia Records.[2] Albumet og singelen med same namn etablerte bandet som eit internasjonalt rockeband og var særs viktig i forminga av det som skulle verte kjend som folkrock.[3] Omgrepet «folkrock» vart faktisk først nytta av den amerikanske musikkpressa for å skildre musikkstilen til bandet i midten av 1965, rundt samstundes med at «Mr. Tambourine Man» nådde toppen av Billboard-lista i USA.[4] Både singelen og albumet var den første amerikanske utfordraren til The Beatles og den britiske bølgja på midten av 1960-talet.[5]

Albumet nådde sjetteplassen på albumlista i USA og sjuandeplass i Storbritannia.[6][7] Bob Dylan skreiv og spelte inn «Mr. Tambourine Man», som vart gjeven ut av The Byrds like før albumet kom i april 1965. Singelen gjekk rett til topps både i USA og Storbritannia, medan han nådde fjerdeplassen i Noreg.[8][7] Ein annan singel frå albumet, «All I Really Want to Do», òg skriven av Dylan, gjorde det berre moderat bra i USA, men nådde Topp 10 i Storbritannia.[8][7]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Før The Byrds vart skipa i 1964, hadde dei fleste medlemmane i bandet kome frå ein visemusikkbakgrunn, og ikkje frå ein rock and roll-bakgrunn.[5] Sologitaristen Jim McGuinn hadde vore visesongar og sidemann i fleire profesjonelle visegrupper,[9][10] og det same hadde songaren og låtskrivaren Gene Clark.[11] Clark og McGuinn møtte kvarandre tidleg i 1964 på viseklubben The Troubadour i Los Angeles og etter å ha oppdaga at dei begge var store fans av The Beatles, skipa dei ein Peter and Gordon-aktig duo, som spelte Beatles-songar, Beatles-aktige utgåver av tradisjonelle folkesongar og somme sjølvskrivne songar.[12] Duoen fekk etter kort tid med seg ein annan visesongar, David Crosby, og besetninga kalla seg The Jet Set.[12] Dei neste månadane fekk dei med seg bassisten Chris Hillman, som hadde ein bakgrunn i bluegrass, og trommeslagaren Michael Clarke.[13] The Jet Set fekk kontrakt med Columbia Records den 10. november 1964 og endra namnet sitt til The Byrds mot slutten av året.[14]

Den 20. januar 1965 gjekk bandet og ei gruppe studiomusikarar i Los Angeles som seinare vart kjend som The Wrecking Crew, inn i Columbia Recording Studios i Hollywood for å spele inn Bob Dylan-songen «Mr. Tambourine Man» som debutsingelen deira.[15] Songen kom ut i april 1965 i lag med Clark-songen «I Knew I'd Want You» som B-side. Singelen vart raskt ein stor hit,[16] og gjekk til topps både på den amerikanske Billboard Hot 100-lista og UK Singles Chart.[8][7] I tillegg nytta The Byrds og plateprodusenten Terry Melcher eit elektrisk rockeband til å framføre «Mr. Tambourine Man» og dette skapte i røynda malen for den musikalske undersjangeren folkrock.[17][18]

Sjølv om musikaliteten til bandet betra seg etter innspelinga av debutsingelen, rekna både Columbia og manageren til bandet med at heile albumet skulle spelast inn med studiomusikarar.[19] Bandet hadde derimot andre tankar og insisterte på at dei skulle spele alle instrumenta på albumet sjølve.[19] I starten av innspelinga for albumet såg Melcher at gruppa hadde polert stilen sin noko og høyrdest meir profesjonelle ut, slik at resten av albumet Mr. Tambourine Man kunne spelast inn utan hjelp frå studiomusikarar.[20][21] Det har likevel vore eit vedvarande rykte om at albumet vart spelt inn av studiomusikarar.[5] Denne misoppfatninga kjem truleg av ei samanblanding av singelen «Mr. Tambourine Man» og albumet med same namn. Hillman har sagt at skilnaden mellom den meir polerte lyden på dei to songane med studiomusikarar («Mr. Tambourine Man» og «I Knew I'd Want You») og lyden på resten av albumet er ganske lett å merke.[22]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Mr. Tambourine Man består stort sett av to typar songar: originale songar frå bandet, hovudsakleg skrivne av Clark, som var den viktigaste låtskrivaren til bandet dei første 18 månadane, og coverversjonar av moderne viser, hovudsakleg av Dylan. Albumet opnar med tittelsporet, skriven av Dylan, som var ein stor internasjonal hit for gruppa før albumet kom ut.[23] Biografiforfattaren Johnny Rogan har skrive at dei to mest markante kjenneteikna til Byrds-utgåva av «Mr. Tambourine Man» er vokalharmoniane til Clark, McGuinn og Crosby, og McGuinn sin klirrande 12-strengs Rickenbacker-gitar.[3] Kombinasjonen av 12-strengsgitar og kompleks harmonisong var signaturstilen til bandet den første tida.[5] Musikkskribenten Richie Unterberger skreiv at suksessen til Byrds-utgåva av «Mr. Tambourine Man» skapte ein eksplosjon av Byrds-aktige band som fekk hittar på dei amerikanske og britiske hitlistene i 1965 og 1966.[23][24]

Ein annan Dylan-song, «All I Really Want to Do», var den første songen som vart spelt inn for albumet, etter «Mr. Tambourine Man» og «I Knew I'd Want You».[20] Melcher var sikker på at debutsingelen, som då ikkje var komen ut enno, i det minste kom til å bli ein regional hit, så han henta The Byrds attende til studio den 8. mars 1965 for å spele inn ein oppfølgjar.[19] Denne dagen spelte dei inn versjonen av «All I Really Want to Do» som finst på albumet, men songen vart spelt inn på ny den 14. april og sidan gjeven ut som den andre singelen deira på Columbia.[20]

Dei mange Dylan-songane på albumet - med tre songar henta frå Another Side of Bob Dylan - førte til skuldingar om at bandet var for avhengige av Dylan sine songar.[21] Men Dylan-songane, inkludert «Chimes of Freedom», «All I Really Want to Do» og «Spanish Harlem Incident», i tillegg til tittelsporet, har blitt verande blant dei mest kjende innspelingane deira.

Ein annan cover som la vekt på røtene deira innan folkemusikk, var Idris Davies og Pete Seeger sin «The Bells of Rhymney».[4] Songen fortalte ei trist soge om ei kolgruveulukke i Wales, og var ein song bandet berre hadde byrja å arbeide på i mars 1965, då Byrds hadde ein fast spelejobb på nattklubben Ciro'sSunset Strip.[4][15] Sjølv om songen har eit noko mørkt tema, vart han ein av dei mest populære songane deira på Ciro's.[3] Denne versjonen var òg inspirert av The Beatles, særskild George Harrison, som igjen brukte gitarriffet til McGuinn i songen «If I Needed Someone» frå Rubber Soul.[25]

Av dei originale songane til bandet, vart tre skrivne av Clark aleine. «I'll Feel a Whole Lot Better» er ein livleg song med tamburin, klirrande Rickenbacker og tette vokalharmoniar med Clark på solovokal, og McGuinn og Crosby på korvokal.[4] Songen minnar om The Searchers-hitten «Needles and Pins» frå 1963 og har sidan han kom ut blitt ein rockestandard spelt av mange andre artistar opp gjennom åra.[19][26][27]

Den melankolske balladen til Clark, «Here Without You», handlar om ei bittersøt reise gjennom byen, der alle landemerka og fysiske ting minner songaren om ein tapt kjærleik, medan «I Knew I'd Want You» er ein Beatles-aktig 6/8-shuffle i moll som fortel om starten på ein romanse.[4][28][29] Sjølv om «I Knew I'd Want You» var blitt spelt inn som B-sida til debutsingelen til The Byrds, skriv Rogan at bandet ikkje hadde klart å sikre seg løyve til å gje ut sin versjon av «Mr. Tambourine Man» frå Dylan og manageren hans Albert Grossman, så «I Knew I'd Want You» kunne like gjerne ha blitt den første singelen deira.[3] To songar til på albumet vart skriven av Clark og McGuinn i lag: «You Won't Have to Cry», med ein tekst om ei forsmådd kvinne, og «It's No Use», med ein smak av den framtidige psykedeliske stilen som bandet byrja å utforske mot slutten av 1965 og gjennom 1966.[4]

Bandet spelte òg inn to coverversjonar som ikkje var viser: «Don't Doubt Yourself, Babe» av Jackie DeShannon, som var ein tidleg støttespelar for bandet, og Vera Lynn sin standard frå andre verdskrigen, «We'll Meet Again».[4] Rogan skreiv at bandet gav sistnemnde ei spottande framføring, inspirert av at songen vart nytta i siste scenen av Stanley Kubrick-filmen Dr. Strangelove.[4]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Det særeigne plateomslaget med eit fotografi teken gjennom ei fiskeaugelense av Barry Feinstein, har i følgje forfattaren Christopher Hjort blitt ein klassikar sidan det kom ut.[30] På baksida av omslaget var det notat skriven i form av eit ope brev til ein ven, av Columbia Records-publisisten Billy James. I tillegg var det eit svartkvittbilete av bandet på baksida, teken av manageren deira, Jim Dickson, på scenen i lag med Bob Dylan på nattklubben Ciro's i L.A.[15]

Mottaking og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Mr. Tambourine Man kom ut 21. juni 1965 i USA og 20. august 1965 i Storbritannia.[2] Det nådde sjetteplassen på Billboard Top LPs-lista og låg inne på lista i 38 veker. Det nådde sjuandeplassen i Storbritannia og låg i alt 12 veker på albumlista.[6][7] Singelen med same namn kom ut 12. april 1965 i USA og 15. mai 1965 i Storbritannia, og gjekk til topps på begge land.[7][8][15] Ein annan singel frå albumet, «All I Really Want to Do», nådde 40. plassen på Billboard Hot 100, men gjorde det betre i Storbritannia, der han nådde fjerdeplassen.[7][8]

Albumet fekk stort sett berre positiv kritikk då det kom ut, og Billboard skreiv at «gruppa har med suksess kombinert visesongar med dansbare poparrangement. Pete Seeger sin «The Bells Of Rhymney» er eit fint døme på nye tolkingar av folklore.»[30] I utgåva si frå juli 1965 skreiv Time om albumet: «For å gjere folkemusikken til dagens musikk har denne kvintetten blanda Beatles-rytmar med klagesongane til Lead Belly, og skapt ein halvvegs skule for korleis folk-rock kan fylle pengesekken, om enn kanskje ikkje for folk-puristar.»[30] I Storbritannia skildra NME bandet og debutalbumet: «Dei ser ut som eit rockeband, men er i røynda eit bra viseband. Dei spelar strengeinstrumenta sine med stor dugleik og nyskaping mot rockeaktige trommerytmar. Stemmene deira høyrest bra ut i lag ... som den første gruppa som lagar bru mellom beat og folk, fortener dei å vere vinnarar.»[31]

Ikkje alle meldingane av albumet var positive. Record Mirror i Storbritannia gav albumet berre to av fem stjerner og skreiv «Den same inkjeseiande vokalen, den same skranlgande gitaren, den same strevsame rytmen på nesten kvart spor. The Byrds må verkeleg prøve å få ein annan stil.»[31]

I nyare år har Richie Unterberger på nettsida AllMusic kalla albumet «Ein av dei beste debutane i rockehistoria. Mr. Tambourine Man var ikkje noko mindre enn eit stort steg i utviklinga av sjølve rocken, og synte at intelligente tekstar kunne blandast med uimotståelege elektriske gitarriff og ein solid rytme.»[32]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Singelen «Mr. Tambourine Man» og albumet etablerte raskt bandet på begge sider av Atlanteren, og utfordra dominansen til The Beatles og resten av den britiske bølgja.[5][21] Utgjevinga introduserte den nye sjangeren folkrock,[21] og den amerikanske musikkpressa brukte første gongen omgrepet til å skildre blandinga til Byrds av beatmusikk og folk omtrent samstundes som debutsingelen gjekk til topps.[4] Fleire kritikarar har meint at sjølv om røtene til folkrocken kunne finnast i den amerikansk visemusikkbølgja tidleg i 1960-åra, The Animals si innspeling av «The House of the Rising Sun» og den klirrande 12-strengsgitaren til The Searchers og The Beatles, var det The Byrds som først blanda desse elementa til ein samla heilskap.[5][23][33]

I månadene etter albumet Mr. Tambourine Man, byrja mange artistar å imitere blandinga til The Byrds av britisk beat musikk, klirrande gitar og poetiske eller samfunnsmedvitne tekstar.[5][24] Påverknaden til bandet kan høyrast på mange innspelingar av amerikanske artistar i 1965 og 1966, som The Turtles, Simon & Garfunkel, The Lovin' Spoonful, Barry McGuire, The Mamas & the Papas, Jefferson Airplane, We Five, Love og Sonny & Cher.[23][34][35][36][37] Denne folkrockstilen som The Byrds var først ute med på Mr. Tambourine Man har òg påverka seinare generasjonar av rock- og popmusikarar, med artistar som Big Star, Tom Petty and the Heartbreakers, R.E.M., The Church, Hüsker Dü, The Long Ryders, The Smiths, The Bangles, The Stone Roses, The La's, Teenage Fanclub, The Bluetones, Wilco og Delays blant fleire.[38][39]

Mr. Tambourine Man vart nymastra i 20-bit oppløysing og delvis miksa på nytt som ein del av Columbia/Legacy Byrds-serien.[40] Det vart gjeve ut med seks bonusspor den 30. april 1996, inkludert tre alternative versjonar av songar på albumet, unytta opptak av «She Has a Way» og «You and Me», og singelversjonen av «All I Really Want to Do».

Albumet vart rangert på 232. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Albumet er òg med i Robert Dimery-boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[41]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Mr. Tambourine Man»Bob Dylan2:29
2.«I'll Feel a Whole Lot Better»Gene Clark2:32
3.«Spanish Harlem Incident»Dylan1:57
4.«You Won't Have to Cry»Clark, Jim McGuinn2:08
5.«Here Without You»Clark2:36
6.«The Bells of Rhymney»Idris Davies, Pete Seeger3:30
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«All I Really Want to Do»Dylan2:04
8.«I Knew I'd Want You»Clark2:14
9.«It's No Use»Clark, McGuinn2:23
10.«Don't Doubt Yourself, Babe»Jackie DeShannon2:54
11.«Chimes of Freedom»Dylan3:51
12.«We'll Meet Again»Ross Parker, Hughie Charles2:07
Bonusspor på CD-utgåva frå 1996
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
13.«She Has a Way»Clark2:25
14.«I'll Feel a Whole Lot Better» (alternativ versjon)Clark2:28
15.«It's No Use» (alternativ versjon)Clark, McGuinn2:24
16.«You Won't Have to Cry» (alternativ versjon)Clark, McGuinn2:07
17.«All I Really Want to Do» (singelversjon)Dylan2:02
18.«You and Me» (instrumental)Clark, McGuinn, David Crosby2:11

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Frå CD-heftet og So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973).[3][15]

The Byrds

Andre musikarar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.allmusic.com/artist/mr-tambourine-man-mw0000198797 The Byrds - Mr. Tambourine Man på Allmusic]
  2. 2,0 2,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 545. ISBN 0-95295-401-X. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Rogan, Johnny. (1996). Mr. Tambourine Man (1996 CD liner notes). 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 4,8 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 81–87. ISBN 0-95295-401-X. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 «The Byrds Biography». Allmusic. Henta 16. oktober 2010. 
  6. 6,0 6,1 Whitburn, Joel. (2002). Top Pop Albums 1955-2001. Record Research Inc. s. 121. ISBN 0-89820-147-0. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 7,6 Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 130. ISBN 0-7119-7670-8. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 Whitburn, Joel. (2008). Top Pop Singles 1955-2006. Record Research Inc. s. 130. ISBN 0-89820-172-1. 
  9. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 11. ISBN 1-906002-15-0. 
  10. «Roger McGuinn: Founder of The Byrds». Roger McGuinn Home Page. Henta 25. desember 2018. 
  11. «Musikars Associated With The Byrds: The New Christy Minstrels». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Arkivert frå originalen 28. oktober 2010. Henta 25. desember 2018. 
  12. 12,0 12,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 31–36. ISBN 0-9529540-1-X. 
  13. «Byrds FAQ: How and When did they get together?». Roger McGuinn Home Page. Henta 25. desember 2018. 
  14. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 14–21. ISBN 1-906002-15-0. 
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 24–31. ISBN 1-906002-15-0. 
  16. Dean, Maury. (2003). Rock 'n' Roll Gold Rush: A Singles Un-Cyclopedia. Algora Publishing. s. 200. ISBN 0-87586-207-1. 
  17. Hoffmann, Frank. (2004). Encyclopedia of Recorded Sound (2nd utg.). Routledge. s. 148. ISBN 0-415-93835-X. 
  18. Unterberger, Richie. «Folk Rock: An Overview». Richieunterberger.com. Henta 25. desember 2018. 
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 74–75. ISBN 0-9529540-1-X. 
  20. 20,0 20,1 20,2 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 618. ISBN 0-9529540-1-X. 
  21. 21,0 21,1 21,2 21,3 Fricke, David. (1996). Mr. Tambourine Man (1996 CD liner notes). 
  22. «Chris Hillman Interview». Richie Unterberger's Unknown Legends. Henta 25. desember 2018. 
  23. 23,0 23,1 23,2 23,3 «Folk Rock: An Overview». Richieunterberger.com. Henta 25. desember 2018. 
  24. 24,0 24,1 «Folk Rock Overview». AllMusic. Henta 25. desember 2018. 
  25. MacDonald, Ian. (1995). Revolution In The Head: The Beatles' Records And The Sixties. Pimlico. s. 135. ISBN 0-7126-6208-1. 
  26. «I'll Feel A Whole Lot Better review». AllMusic. Henta 25. desember 2018. 
  27. «I'll Feel A Whole Lot Better cover versions». AllMusic. Arkivert frå originalen 12. oktober 2009. Henta 25. desember 2018. 
  28. Unterberger, Richie. «Here Without You review». AllMusic. Rovi Corp. Henta 25. desember 2018. 
  29. Hjort, Christopher (2008). So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-by-Day 1965-1973. Jawbone. s. 24, 29. ISBN 9781906002152. 
  30. 30,0 30,1 30,2 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 39–40. ISBN 1-906002-15-0. 
  31. 31,0 31,1 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 62. ISBN 1-906002-15-0. 
  32. «Mr. Tambourine Man album review». AllMusic. Henta 25. desember 2018. 
  33. Burt, Robert & North, Patsy. (1977). West Coast Story: The 60's Rock Revolution. Phoebus Publishing Company. s. 28. ISBN 0-600-39393-3. 
  34. «Mr. Tambourine Man review». AllMusic. Henta 25. desember 2018. 
  35. Fornatale, Pete. (2007). Simon And Garfunkel's Bookends. Rodale Inc. s. 41–45. ISBN 1-59486-427-6. 
  36. «Love Biography». allmusic. Henta 25. desember 2018. 
  37. Einarson, John. (2005). Mr. Tambourine Man: The Life And Legacy Of The Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 62. ISBN 0-87930-793-5. 
  38. Smith, Chris. (2009). 101 Albums That Changed Popular Music. Oxford University Press. s. 32. ISBN 0-19-537371-5. 
  39. Levith, Will. «10 Acts That Owe The Byrds A Round». Diffuser.fm. Townsquare Media. Henta 25. desember 2018. 
  40. «The Byrds Remastered Albums 1996 – 2000». Byrds Flyght. Henta 25. desember 2018. 
  41. ^ Robert Dimery; Michael Lydon (23. mars 2010). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 978-0-7893-2074-2.