Preflyte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Preflyte
Samlealbum av The Byrds
Utgjeve 29. juli 1969
Innspelt Midten av 1964 til november 1964, World Pacific Studios, Los Angeles
Sjanger Pop, folkrock
Lengd 25:38
Selskap Together
Produsent Jim Dickson
The Byrds-kronologi
Dr. Byrds & Mr. Hyde
(1969)
Preflyte Ballad of Easy Rider
(1969)


Preflyte er eit samlealbum av det amerikanske folkrockbandet The Byrds som kom ut i juli 1969 på Together Records.[1] Albumet er ei samling av demoar som vart spelte inn av The Byrds (då kalla The Jet Set) i World Pacific Studios i Los Angeles i 1964, før bandet hadde signert platekontrakt med Columbia Records.[2] Musikken er spelt inn før debutsingelen deira for Columbia, ein coverversjon av Bob Dylan sin «Mr. Tambourine Man», som toppa listene i USA og Storbritannia i 1965.[2] Tittelen på albumet er ei feilstaving av pre-flight, som er meint å etterlikne feilstavinga av «birds» som bandet nytta som namnet sitt. I 2001 gav Sundazed Records ut ei utvida dobbelplate med songar frå denne tida, kalla The Preflyte Sessions.[3]

Preflyte nådde 84. plass på den amerikanske albumlista då plata kom ut, og selde betre enn det nyaste studioalbumet til The Byrds på den tida, Dr. Byrds & Mr. Hyde.[4][5]

Albumet inneheld fleire songar som ikkje tidlegare var spelte inn, i tillegg til tidlege utgåve av kjende songar som kom ut på debutalbumet.[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «You Showed Me» (Jim McGuinn, Gene Clark) 2:05
2. «Here Without You» (Gene Clark) 2:30
3. «She Has a Way»   2:34
4. «The Reason Why»   2:34
5. «For Me Again»   2:32
6. «Boston»   2:07
Side ein
# Tittel Lengd
7. «You Movin'»   2:10
8. «The Airport Song» (Jim McGuinn, David Crosby) 2:03
9. «You Won't Have to Cry» (Jim McGuinn, Gene Clark) 2:17
10. «I Knew I'd Want You»   2:19
11. «Mr. Tambourine Man» (Bob Dylan) 2:20

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 548–549. ISBN 0-95295-401-X. 
  2. 2,0 2,1 Fricke, David. (2001). The Preflyte Sessions (2001 CD liner notes). 
  3. «The Preflyte Sessions review». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/the-preflyte-sessions-r561532. Henta 18. oktober 2010. 
  4. «Preflyte - Billboard Albums Data». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/preflyte-r32040. Henta 18. oktober 2010. 
  5. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 218–219. ISBN 1-90600-215-0. 
  6. «Preflyte review». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/preflyte-r32040. Henta 18. oktober 2010.