Turn! Turn! Turn! av The Byrds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Turn! Turn! Turn!
Studioalbum av The Byrds
Utgjeve 6. desember 1965
Innspelt 28. juni – 1. november 1965
Studio Columbia Studios i Hollywood
Sjanger
Lengd 30:24
Selskap Columbia
Produsent Terry Melcher
The Byrds-kronologi
Mr. Tambourine Man
(1965)
Turn! Turn! Turn! Fifth Dimension
(1966)


Singlar frå Turn! Turn! Turn!
  1. «Turn! Turn! Turn!»
    Utgjeve: 1. oktober 1965
  2. «Set You Free This Time»
    Utgjeve: 10. januar 1966
  3. «It Won't Be Wrong»
    Utgjeve: 18. februar 1966

Turn! Turn! Turn! er det andre albumet til folkrockbandet The Byrds og kom ut i desember 1965 på Columbia Records.[1] Som føregangaren Mr. Tambourine Man bana albumet veg for folkrock-sjangeren og bandet heldt fram stilen med ei blanding av vokalharmoniar og klirrande 12-strengs Rickenbacker-gitar.[2] Tittelsporet og første singel frå albumet, «Turn! Turn! Turn!», var ein song av Pete Seeger som sologitarist Jim McGuinn tidlegare arrangerte for visesongaren Judy Collins.[3] Arrangementet McGuinn nytta for utgåva til The Byrds var den same folkrock-stilen som han hadde nytta på dei tidlegare hitsinglane til bandet.[4]

Albumet nådde 17. plass på den amerikanske albumlista og 11. plass i Storbritannia.[5][6] Singelen kom ut før albumet og toppa listene i USA.[7] Ein annan singel frå albumet, «Set You Free This Time» vart ikkje like suksessfull og nådde ikkje Topp 50 i USA.[7] McGuinn skreiv fleire songar på dette albumet enn det førre, og rytmegitarist David Crosby skreiv òg sin første song for bandet. Det var derimot framleis Gene Clark som skreiv dei fleste songane.[8] Som det førre albumet inneheldt òg dette fleire songar av Bob Dylan: «The Times They Are a-Changin'» og den då ikkje-utgjevne songen «Lay Down Your Weary Tune».[8] Turn! Turn! Turn! var det siste Byrds-albumet der Gene Clark var med heile vegen fram til det siste albumet deira i 1973, Byrds.[2]

Albumet fekk stort sett positiv omtale i musikkpressa då det kom ut, men ein meinte at det ikkje var like sterkt som debutalbumet.[9]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter den internasjonale suksessen til debutalbumet og hitsinglane «Mr. Tambourine Man» og «All I Really Want to Do», gjekk The Byrds inn i Columbia Studios i Hollywood den 28. juni 1965 for å byrje på oppfølgjaren.[2][10] Halvvegs ut i 1965 var folkrocktrenden The Byrds starta byrja å skyte fart med hittar av Cher, The Turtles, We Five og Barry McGuire som tydelegvis var inspirerte av The Byrds.[11] Trass i at The Byrds var eit inspirerande band, hadde dei skuffa noko med den andre singelen sin, «All I Really Want to Do» og dei følte at dei trengde ein sterk tredje singel for å oppretthalde fotfeste i marknaden.

Først hadde bandet tenkt å gje ut ein tredje Bob Dylan-song, «It's All Over Now, Baby Blue», som den neste singelen sin, men trass i fleire forsøk på å spele inn songen i juni og august 1965, vart han til slutt avvist.[4][8] Bandet vurderte så å gje ut ein versjon av Dylan sin «The Times They Are a-Changin'» som singel i staden for, men òg denne ideen vart skrinlagd, sjølv om songen er med på Turn! Turn! Turn![4][8][12] Songen som til slutt vart valt ut var Pete Seeger sin «Turn! Turn! Turn!», som var basert på tekst henta frå Forkynnaren i Bibelen. Denne sende The Byrds attende til toppen av Billboard Hot 100.[4][7]

Innspelinga av albumet gjekk ikkje problemfritt og fleire av bandmedlemmane byrja å mislike det tette samarbeidet som var byrja å oppstå mellom McGuinn og plateprodusenten Terry Melcher.[4] Rytmegitaristen David Crosby var særleg misnøgd, sidan han følte at McGuinn og Melcher (i lag med bandmanageren Jim Dickson) prøvde å halde songane hans unna albumet.[4] Crosby hadde skrive «Stranger In a Strange Land» (seinare utgjeven av Blackburn & Snow) og «The Flower Bomb Song», i lag med Dino Valenti sin «I Don't Ever Want to Spoil Your Party» (seinare utgjeven av Quicksilver Messenger Service som «Dino's Song») som han tok med til innspelingane, men alle tre vart avviste.[4] Det oppstod krangling mellom den fremste låtskrivaren i bandet, Gene Clark, og resten av The Byrds sidan han tente meir på låtskrivinga enn resten.[4][13][14] Dette førte til at Clark i aukande grad vart isolert i bandet og somme av dei beste songane hans vart forviste til B-sider eller ikkje gjevne ut i det heile tatt.[14][15] Til slutt var denne kranglinga medverkande til at Clark slutta i bandet tidleg i 1966.[14][16] Ein annan konflikt var ein maktkamp som utvikla seg mellom Terry Melcher og Jim Dickson.[4] For hans del hadde Dickson ønske om å produsere bandet sjølv, som førte til at han var særs kritisk til produksjonsarbeidet til Melcher og det heile enda med at Melcher måtte forlate inspelingane før albumet var ferdig.[4][17]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Turn! Turn! Turn! opnar med tittelsporet frå Pete Seeger, som var gjeven ut på singel to månader før albumet kom ut.[1] Han var basert på eit arrangement som McGuinn hadde utviklinga for Judy Collins på albumet hennar Judy Collins 3 i 1963. Ideen om å hente fram att songen kom til McGuinn under den første amerikanske turneen til The Byrds.[3][4] Den endelege innspelinga av songen var visstnok klar etter heile 78 forsøk, spreidd utover fem dagar, før det var perfekt.[10][18] Rolling Stone-redaktøren David Fricke har sagt at songen si bøn om fred og toleranse var spesiallaga for 1960-åra, eit tiår som var farga av attentat, opprør og Vietnamkrigen.[2][3] Songen gjekk til topps på Billboard Hot 100 representerte høgdepunktet for folkrock som musikalsk trend og forsterka statusen til The Byrds som eit formidabelt band.[13]

The Byrds tok òg med to Bob Dylan-songar på albumet, i eit forsøk på å gjenta suksessen dei hadde hatt med songane hans på debutplata. «Lay Down Your Weary Tune» var ein song Dylan ikkje hadde gjeve ut enno, frå tida kring The Times They Are a-Changin', og som dei fekk gjennom forlaget til Dylan.[19] Dylan sjølv var imponert av Byrds-utgåva av denne songen og sa til McGuinn «Før eg høyrde denne trudde eg du berre var nok ein imitator... men denne har ei verkeleg kjensle ved seg.»[8] Den andre Dylan-songen på albumet var «The Times They Are a-Changin'», som bandet framførte på ironisk vis.[8]

Av dei originale songane på albumet var det tre songar av Gene Clark, inkludert «The World Turns All Around Her», som minna om dei Beatles-aktige songane om vond kjærleik frå debutalbumet, og «If You're Gone», ei poetisk vedkjenning av kjenslemessig utryggleik.[8] For å framheve den vemodige melankolien i «If You're Gone», utarbeidde McGuinn and Melcher ein bordunsk gregoriansk harmonisong som høyrest ut som eit anna instrument og som viste fram mot ragarock-eksperimenteringa bandet testa ut på det neste albumet.[13][20] Den tredje Clark-songen på albumet var «Set You Free This Time», ei tekstrik grubling over eit mislukka forhold som syner påverknad frå Bob Dylan.[8] Denne songen vart skriven av Clark under den engelske turneen til The Byrds i 1965, etter ein kveld der dei hadde vore på byn med Paul McCartney på fasjonable Scotch of St James-klubben i London.[17]

McGuinn bidrog med «It Won't Be Wrong», ein song han skreiv i lag med venen Harvey Gerst i 1964.[12] Songen var tidlegare gjeven ut i ein annan versjon og med tittelen «Don't Be Long» på ein singel i 1964 då bandet kalla seg The Beefeaters.[12] Eit annan McGuinn-bidrag var eit arrangement av den tradisjonelle visa «He Was a Friend of Mine».[8] The Byrds-utgåva hadde ny tekst skriven av McGuinn som omhandlar drapet på John F. Kennedy den 22. november 1963.[12] Songen var skriven før The Byrds oppstod, som McGuinn fortalte til Johnny Rogan i 1977: «Eg skreiv den songen kvelden då John F. Kennedy vart myrda. Du kan på eit vis sei det er ein av dei tidlegate Byrds-songane.»[17] «He Was a Friend of Mine» er den første Byrds-innspelinga der McGuinn spelar akustisk gitar, i staden for den vanlege 12-strengs Rickenbacker-gitaren.[19]

Turn! Turn! Turn! inneheld òg McGuinn- og Crosby-song «Wait and See». Dette representerte den første songen paret skreiv, sjølv om dei alt hadde samarbeidd på «The Airport Song», ein song som først kom ut på samleplata Preflyte i 1969.[17] «Wait and See» var òg første gongen Crosby vart registrert som låtskrivar på eit Byrds-album. Begge ønskte å gå bort frå enkle kjærleikssongar, men ironisk nok var «Wait and See» meir i den retninga enn dei tidlegare Gene Clark-songane.[17] Ein annan song på albumet var «Satisfied Mind», ein country-hit for Porter Wagoner i 1955, som var blitt føreslått for Byrds av basisten deira, Chris Hillman.[17][21] Songen var første gongen bandet synte teikn på interesse i country, ein sjanger dei kom til å utforske meir på seinare album, særleg Sweetheart of the Rodeo i 1968.[21][22] Som med det førre albumet deira, enda Turn! Turn! Turn! på ein underleg måte Stephen Foster-sin «Oh! Susannah» frå 1800-talet, arrangert av McGuinn.[8] Trass i at han vart spelt inn som ein spøk, innrømde McGuinn seinare til journalisten Vincent Flandern at han var misnøgd med songen, og sa «Det var ein spøk, men han slo ikkje an, han vart dårleg framført.»[17][23]

På grunn av aukande krangling mellom bandmedlemmane fordi Clark skreiv fleire songar enn resten av bandet, vart to av songane Clark hadde teke med seg til innspelinga ekskludert frå albumet.[13] Dette var «She Don't Care About Time», med gitararbeid inspirert av Bach sin «Jesu, Joy of Man's Desiring». Songen vart gjeven ut som B-side til singelen «Turn! Turn! Turn!», medan den Dylan-aktige «The Day Walk (Never Before)» ikkje vart gjeven ut før over 20 år seinare.[13][24] «The Day Walk (Never Before)» vart til slutt gjeven ut i 1987 som tittelsporet på samlealbumet Never Before.[25] I nyare tid har både «She Don't Care About Time» og «The Day Walk (Never Before)» kome med som bonusspor på CD-utgåver av Turn! Turn! Turn!.[26]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Turn! Turn! Turn! kom ut 6. desember 1965 i USA og 22. mars 1966 i Storbritannia.[1] Det nådde 17. plassen på Billboard Top LPs-lista og låg på lista i 40 veker. I Storbritannia nådde det 11. plassen og låg i alt fem veker på lista.[5][6] Singelen «Turn! Turn! Turn!» kom ut 1. oktober 1965 i USA og 29. oktober 1965 i Storbritannia og nådde toppen av Billboard Hot 100 og 26. plassen på UK Singles Chart.[1][6][7] Ein annan singel frå albumet, «Set You Free This Time» (med «It Won't Be Wrong»), kom ut 10. januar 1966 i USA og nådde 63. plassen på Billboard Hot 100, men gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia.[1][6][7] Fotografiet på framsida av albumet vart teken av Guy Webster i studioet hans i Beverly Hills og vart seinare nominert til Grammyprisen for beste plateomslag.[9] Albumnotata på baksida vart skriven av publisisten til Byrds, Derek Taylor,[9] og var i røynda ei forkorta utgåve av ei mykje lengre skildring av albumet som kom ut 15. februar 1966 i magasinet Record World.[27]

Albumet fekk stort sett positiv kritikk då det kom ut og Robert Shelton skreiv i The New York Times at albumet «ikkje var like sterkt som det fyrste Byrds-albumet, Mr. Tambourine Man, men er likevel ei effektiv framvising av folk-rock.»[9] Billboard skreiv at «gruppa leverer variert materiale som heilt sikkert vil klatre på LP-listene».[9] I Storbritannia skreiv Richard Bruce ei entusiastisk melding der han hylla albumet i Music Echo og skreiv at «så sensasjonelt briljant at sjølv etter ein gjennomlytt har eg ingen motførestellingar med å kalle dei like talentfulle som The Beatles og The Stones[27] I nyare år har Richie Unterberger i AllMusic skrive at «albumet var skuffande samanlikna med Mr. Tambourine Man. Det var likevel ganske bra, særleg det klingande tittelsporet, ein klassikar på linje med «Mr. Tambourine Man».»[21]

Turn! Turn! Turn! vart nymastra i 20-bits oppløysing og delvis miksa på nytt som ein del av Columbia/Legacy Byrds-serien.[28] Det vart gjeve ut med sju bonusspor den 30. april 1996, inkludert to alternative versjonar av songar som var med på originalalbumet, tre unytta opptak, og B-sida «She Don't Care About Time».[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Turn! Turn! Turn! (To Everything There is a Season)» (Forkynnaren/Pete Seeger) 3:49
2. «It Won't Be Wrong » (Jim McGuinn, Harvey Gerst) 1:58
3. «Set You Free This Time» (Gene Clark) 2:49
4. «Lay Down Your Weary Tune» (Bob Dylan) 3:30
5. «He Was a Friend of Mine» (tradisjonell, ny tekst og arrangement av Jim McGuinn) 2:30
Side ein
# Tittel Lengd
6. «The World Turns All Around Her» (Gene Clark) 2:13
7. «Satisfied Mind» (Red Hayes, Jack Rhodes) 2:26
8. «If You're Gone» (Gene Clark) 2:45
9. «The Times They Are a-Changin'» (Bob Dylan) 2:18
10. «Wait and See» (Jim McGuinn, David Crosby) 2:19
11. «Oh! Susannah» (Stephen Foster) 3:03


Bonusspor på 1996-utgåva
# Tittel Lengd
12. «The Day Walk (Never Before)»   3:00
13. «She Don't Care About Time» (singelutgåve) 2:29
14. «The Times They Are A-Changing» (første utgåve) 1:54
15. «It's All Over Now, Baby Blue» (versjon 1) 3:03
16. «She Don't Care About Time» (versjon 1) 2:35
17. «The World Turns All Around Her» (alternativ miks) 2:12
18. «Stranger in a Strange Land» (instrumental) 3:04

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[8][12][17][19]

The Byrds

Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 541–546. ISBN 0-95295-401-X. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Turn! Turn! Turn! (To Everything There Is a Season) review». Allmusic. Henta 16. oktober 2010. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Fricke, David. (1996). Turn! Turn! Turn! (1996 CD liner notes). 
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 123–128. ISBN 0-95295-401-X. 
  5. 5,0 5,1 Whitburn, Joel. (2002). Top Pop Albums 1955-2001. Record Research Inc. s. 121. ISBN 0-89820-147-0. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 130. ISBN 0-7119-7670-8. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 Whitburn, Joel. (2008). Top Pop Singles 1955-2006. Record Research Inc. s. 130. ISBN 0-89820-172-1. 
  8. 8,00 8,01 8,02 8,03 8,04 8,05 8,06 8,07 8,08 8,09 8,10 8,11 Rogan, Johnny. (1996). Turn! Turn! Turn! (1996 CD liner notes). 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965–1973). Jawbone Press. s. 73–74. ISBN 1-906002-15-0. 
  10. 10,0 10,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 619. ISBN 0-9529540-1-X. 
  11. «Mr. Tambourine Man review». AllMusic. Henta 26. desember 2018. 
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 12,4 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965–1973). Jawbone Press. s. 65–67. ISBN 1-906002-15-0. 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 Einarson, John. (2005). Mr. Tambourine Man: The Life and Legacy of the Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 79–81. ISBN 0-87930-793-5. 
  14. 14,0 14,1 14,2 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 165–167. ISBN 0-9529540-1-X. 
  15. Einarson, John. (2005). Mr. Tambourine Man: The Life and Legacy of the Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 88. ISBN 0-87930-793-5. 
  16. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965–1973). Jawbone Press. s. 84–87. ISBN 1-906002-15-0. 
  17. 17,0 17,1 17,2 17,3 17,4 17,5 17,6 17,7 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 144–148. ISBN 0-9529540-1-X. 
  18. Hyde, Bob. (1987). Never Before (1989 CD liner notes). 
  19. 19,0 19,1 19,2 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965–1973). Jawbone Press. s. 69–70. ISBN 1-906002-15-0. 
  20. «Turn! Turn! Turn!». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Arkivert frå originalen 2010-10-27. Henta 2010-06-01. 
  21. 21,0 21,1 21,2 «Turn! Turn! Turn! album review». AllMusic. Henta 26. desember 2018. 
  22. «Sweetheart of the Rodeo». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Arkivert frå originalen 2010-10-28. Henta 26. desember 2018. 
  23. «Interview with Roger McGuinn of the Byrds – February 1970». Vincent Flandern: His Personal Web Site. Henta 26. desember 2018. 
  24. «She Don't Care About Time review». AllMusic. Henta 26. desember 2018. 
  25. Einarson, John. (2005). Mr. Tambourine Man: The Life and Legacy of the Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 272. ISBN 0-87930-793-5. 
  26. «Turn! Turn! Turn! (Bonus Tracks) album review». AllMusic. Henta 26. desember 2018. 
  27. 27,0 27,1 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965–1973). Jawbone Press. s. 80–83. ISBN 1-906002-15-0. 
  28. «The Byrds Remastered Albums 1996–2000». Byrds Flyght. Henta 26. desember 2018.