Never Before

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Never Before
Singel av Deep Purple
frå albumet Machine Head
B-side

«When a Blind Man Cries»

Utgjeve 18. mars 1972
Innspelt 6.-21. desember 1971
Montreux i Sveits
Sjanger Hardrock, heavy metal, bluesrock
Lengd 3:30 (singel)
4:01 (album)
Selskap EMI (UK)
Warner Bros. Records (US)
Låtskrivar(ar) Ritchie Blackmore
Ian Gillan
Roger Glover
Jon Lord
Ian Paice
Produsent Deep Purple
Deep Purple-kronologi
«Fireball»
(1971)
Never Before «Smoke on the Water»
(1973)


«Never Before» er ein song av det engelske rockebandet Deep Purple frå albumet deira Machine Head frå 1972.

Songen var opphavleg den einaste singelen frå albumet i tillegg til «Smoke on the Water», med «When a Blind Man Cries» som ei B-side, noko som overraska tilhengjarar fordi albumet inneheldt hittar som «Lazy», «Space Truckin'» og «Highway Star».

Det vart laga ein video for «Never Before» 1972, den einaste Deep Purple laga i 1970-åra. For singelen vart songen korta ned til 3:30.

Konsertutgåver[endre | endre wikiteksten]

«Never Before» har sjeldan vorte framført på konsertar. Det einaste konsertopptaket av songen finst på Deep Purple In Concert, som vart spelt inn kring samstundes med at singelen kom ut.

Deep Purple framførte «Never Before» på turné i 2004, då dei spelte heile Machine Head.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Gary Barden spelte songen for albumet Rock 'n' Roll My Soul i 2011.