Vanda-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 77°31′0″S 161°40′0″E
Vanda-stasjonen
stasjon
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Ross Dependency
 - koordinatar 77°31′0″S 161°40′0″E
Administrert under Antarktistraktaten
Vanda-stasjonen is located in Antarktis
Vanda-stasjonen (Antarktis)

Vanda-stasjonen var ein forskingsbase i Antarktis i Victoria Land i Ross Dependency ved breidda av Lake Vanda, der elva Onyx River munnar ut i Wright Valley. Dei fire opphavlege bygningane vart bygd somrane 1967–68 og 1968–69 like før fem mann overvintra her frå januar til 19. oktober 1969. Mannskap overvintra òg ved stasjonen i 1970 og 1974. Om sommaren hadde Vanda-stasjonen full besetning fram til 1991. Forskinga baserte seg hovudsakleg på meteorologi, hydrologi, seismologi, jordstraumar og magnetisme. Stasjonen vart styrt av Department of Scientific and Industrial Research (DSIR) og fekk logistisk støtte av den permanente newzealandske forskingsbasen ved Scott-basenRoss Island.

Vanda-stasjonen var kjend for The Royal Lake Vanda Swim Club.[1] Vitjande kunne dyppe seg i det særs salte vatnet i Lake Vanda då isen kring smelta og danna ei «vollgrav», og fekk eit merke frå Royal Lake Vanda Swim Club. For å få merke måtte ein gjerde det naken, heile kroppen måtte under og ein «vandal» (medlem ved stasjonen) måtte sjå at det gjekk rett føre seg, utan fotografiske restriksjonar.

I 1995 gjorde uro for miljøet at basen vart stengd, særleg i innsjøen, og stasjonen vart til slutt fjerna.

Den høgaste registrerte temperaturen i Antarktis vart gjort ved Vanda-stasjonen 5. januar 1974, då det vart målt 15,0 ºC.

I dag står det ein automatisk vêrstasjon der den tidlegare Vanda-stasjonen låg, i tillegg til Lake Vanda Hut, ei hytte som stundom vert vitja av 2-8 newzealandske forskarar om sommaren.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Parfit, Michael (1988). South light: a journey to Antarktis. London: Bloomsbury. s. 206–210. ISBN 0-7475-0134-3. 
  2. http://huey.colorado.edu/LTER/datasets/streams/fieldman2.html

  • Vanda Station: History of an Antarctic Outpost av David L. Harrowfield (Christchurch 1999 & 2006, New Zealand Antarctic Society Inc, 52 pp.) ISBN 0-473-06467-7