Green, Green Grass of Home

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Green, Green Grass of Home
Singel av Porter Wagoner
frå albumet On the Road: The Porter Wagoner Show
Utgjeve 1965
Sjanger Country
Lengd 2:21
Selskap RCA Victor
Låtskrivar(ar) Curly Putman[1]
Porter Wagoner-kronologi
«I'm Gonna Feed You Now»
(1965)
Green, Green Grass of Home «Skid Row Joe»
(1965)


Green, Green Grass of Home
av Tom Jones
frå albumet Green, Green Grass of Home
B-side Promise Her Anything
Utgjeve November 1966
Sjanger Country
Lengd 3:05
Selskap Decca Records F22511[1]
Låtskrivar(ar) Curly Putman[1]
Produsent Peter Sullivan[1]
Tom Jones-kronologi
«This and That»

(1966)

Green, Green Grass of Home «Detroit City»

(1967)


«Green, Green Grass of Home» er ein countrysong skriven av Claude «Curly» Putman jr. og først spelt inn av Johnny Darrell. Songen vart først gjort populær av Porter Wagoner i 1965, då han nådde fjerdeplassen på country-lista.[2] Same året vart han sungen av Bobby Bare, og seinare av Tom Jones, i 1966, då han vart ein verdsomfattande hit. Songen hadde òg tidlegare på året blitt spelt inn av Jerry Lee Lewis, og gjeven ut på albumet Country Songs for City Folks og Jones hadde oppdaga songen gjennom versjonen til Lewis.

Teksten[endre | endre wikiteksten]

Ein mann kjem heim til barndomsheimen sin for det som verkar å vere første gongen sidan ungdomen. Då han stig av toget står foreldra hans der for å møte han, og hans elska Mary kjem springande mot dei. Alt er fred og fordrageleg og alle kjem smilande mot han og helsar på. Med Mary går mannen gjennom barndomsplassane sine. Det er «good to touch the green, green grass of home.» Likevel gjev musikken og teksten ei kjensle av sorg.

Brått byter mannen frå song til tale då han vaknar i fengsel: «Then I awake and look around me, at four grey walls that surround me. And I realize that I was only dreaming.» Han sit i røynda og ventar på dødsdomen sin, og at han vaknar opp frå drøymen den dagen han skal avrettast[3] («there's a guard, and there's a sad old padre, arm in arm, we'll walk at daybreak»), og at han berre skal kome heim att for å gravleggast: «Yes, they'll all come to see me in the shade of that old oak tree, as they lay me 'neath the green, green grass of home.»

Tom Jones-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Den walisiske songaren Tom Jones, som spelte på The Ed Sullivan Show i 1965, vitja Colony Records medan han var i New York City. Han spurte om dei hadde noko nytt av Jerry Lee Lewis, og han fekk det nye countryalbumet hans.

Joness vart imponert av denne songen, spelte han inn og gav han ut i Storbritannia i 1966. Songen klatra til topps den 1. desember og låg på toppen i totalt sju veker.[4] Songen hadde fram til november 2012 seld 1,23 millionar eksemplar berre i Storbritannia.[5] Jones-versjonen nådde òg 11. plassen på poplista og 12. plassen på easy listening-lista i USA.[6]

I september 2006 framførte Jones songen som ein duett i lag med Jerry Lee Lewis på TV-showet Last Man Standing i New York City.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Lister (1967) Plassering
Irish Singles Chart 1
UK Singles Chart[7] 1
VG-lista i Noreg 1
Australia - Kent Music Report 1
Den newzealandske singellista 2
Austerriksk Topp 40 2
Den tyske singellista 6
Canada RPM Adult Contemporary Singles 10
U.S. Billboard Hot 100 11
Canada RPM Top 100 47

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Sidan songen vart populær er han blitt spelt inn av mange andre artistar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 106. ISBN 0-85112-250-7. 
  2. Porter Wagoner's «Green, Green Grass of Home» Chart Position Henta 23. juni 2017.
  3. Tom Jones, «The Green Green Grass Of Home» Video Henta 23. juni 2017.
  4. «All the Number One Singles - 1966». Henta 25. juni 2017. 
  5. Ami Sedghi (25. juni 2017). «UK's million-selling singles: the full list». Guardian. Henta 25. juni 2017. 
  6. «Green, Green Grass of Home (song by Tom Jones) • Music VF, US & UK hits charts». Musicvf.com. 1966-12-24. Henta 25. juni 2017. 
  7. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 198–9. ISBN 1-904994-10-5. 
  8. «Svensktoppen : 1967-01-07». Sr.se. Henta 25. juni 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]