Today av Elvis Presley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Today
Studioalbum av Elvis Presley
Utgjeve 7. mai 1975
Innspelt 10.-12. mars 1975
RCA Studio C, Hollywood
Sjanger Countryrock
Lengd 34:15
Selskap RCA Records
Produsent Felton Jarvis
Elvis Presley-kronologi
Promised Land
(1975)
Today Elvis: A Legendary Performer Volume 2
(1976)


Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
AllMusic 3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Rough Guides 3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

Today er eit studioalbum av den amerikanske musikaren Elvis Presley som vart gjeve ut 7. mai 1975 av RCA Records. Today vart spelt inn i RCA sitt Studio C i Hollywood i Los Angeles, 10.-12. mars 1975 og var siste gongen Presley var i studio. Den førre innspelinga hans i Studio C i Hollywood i var 1972, då han spelte inn gullplatene «Burning Love» og «Separate Ways». Denne gongen var Elvis 40 år gammal. Han hadde med seg den dåverande kjærasten Sheila Ryan. På FTD-utgåva av albumet frå 2005 bad Presley Sheila om «å kome opp her, la meg syngje til deg» på det første opptaket av Don McLean sin «And I Love You So». Han fortsette å spele «And I Love You So» og «Fairytale» på konsertane sine fram til han døydde. På scenen omtalte han ofte «Fairytale» som livssoga si.

Today innheld ein ny rockelåt, «T-R-O-U-B-L-E», som vart gjeven ut som den første singelen frå albumet og gjekk inn på Topp 40 i USA. «Bringin' It Back» var den andre singelen i USA. Albumet inneheld songar av Perry Como, Tom Jones, The Pointer Sisters, Billy Swan, Faye Adams, The Statler Brothers og Charlie Rich.

«Green, Green Grass of Home» vart gjeven ut på singel i Storbritannia, der han nådde Topp 30, og vart òg spelt på radio i USA. Presley høyrte songen i 1967 då han køyrde med bussen sin attende til Memphis etter å ha laga ein film. Han høyrte den nye singelen til Tom Jones, «Green Green Grass of Home» for første gongen og elska han. Han fekk sin såkalla «Memphis Mafia» til å ringje den lokale radiostasjonen for å få dei til å spele songen om att og om att. Åtte år seinare spelte han inn sin eigen versjon.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Originalutgåve[endre | endre wikiteksten]

Side A
# Tittel Låtskrivar(ar) Innspelt Lengd
1. «T-R-O-U-B-L-E»   Jerry Chesnut 11. mars 1975 3:06
2. «And I Love You So»   Don McLean 10. mars 1975 3:41
3. «Susan When She Tried»   Don Reid 11. mars 1975 2:20
4. «Woman Without Love»   Jerry Chesnut 11. mars 1975 3:37
5. «Shake a Hand»   Joe Morris 11. mars 1975 3:52
Side B
# Tittel Låtskrivar(ar) Innspelt Lengd
1. «Pieces of My Life»   Troy Seals 12. mars 1975 4:07
2. «Fairytale»   Bonnie Pointer, Anita Pointer 10. mars 1975 2:47
3. «I Can Help»   Billy Swan 10. mars 1975 4:08
4. «Bringin' It Back»   Greg Gordon 12. mars 1975 3:04
5. «Green, Green Grass of Home»   Curly Putman 10. mars 1975 3:39

Follow That Dream-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Plate 1
# Tittel Lengd
1. «T-R-O-U-B-L-E»    
2. «And I Love You So»    
3. «Susan When She Tried»    
4. «Woman Without Love»    
5. «Shake A Hand»    
6. «Pieces Of My Life»    
7. «Fairytale»    
8. «I Can Help»    
9. «Bringin’ It Back»    
10. «Green, Green Grass Of Home»    
11. «Tiger Man»    
12. «And I Love You So» (opptak 2)  
13. «Pieces Of My Life» (opptak 1)  
14. «Fairytale» (opptak 1,2)  
15. «Bringin’ It Back» (opptak 1)  
16. «Green, Green Grass Of Home» (opptak 1)  
17. «Shake A Hand» (opptak 1)  
18. «Susan When She Tried» (opptak 3)  
19. «Pieces Of My Life» (opptak 2,3)  
20. «And I Love You So» (opptak 3)  
Plate 2
# Tittel Lengd
1. «Fairytale»    
2. «Green, Green Grass Of Home»    
3. «I Can Help»    
4. «And I Love You So»    
5. «Susan When She Tried»    
6. «T-R-O-U-B-L-E»    
7. «Woman Without Love»    
8. «Shake A Hand»    
9. «Bringin’ It Back»    
10. «Pieces Of My Life»    
11. «Green, Green Grass Of Home» (opptak 2,3)  
12. «Susan When She Tried» (opptak 1,2)  
13. «And I Love You So» (opptak 1)  
14. «Bringin' It Back» (opptak 2,3)  
15. «T-R-O-U-B-L-E» (opptak 1)  
16. «Shake A Hand» (opptak 2)  

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Weldon Myrick - steelgitar
  • Norbert Putnam - bass
  • Mike Leech - bass
  • Mary Holladay - korvokal
  • Tony Brown - klaverinstrument
  • Ginger Holladay - korvokal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 129. ISBN 1-84353-417-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]