Hopp til innhald

Grunnstoffet tinn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Tinn» omdirigerer hit. For kommunen i Telemark, sjå Tinn kommune.
Indium Tinn Antimon

Basisdata
Namntinn
SymbolSn
Atomnummer50
UtsjånadSølvgrått
Plass i periodesystemet
Gruppe14
Periode5
Blokkp
Kjemisk serieMetall
Atomeigenskapar
Atomvekt118,710 u
Kalkulert atomradius145 (145) pm
Elektronkonfigurasjon[Kr]4d105s25p2
KrystallstrukturTetragonal
Fysiske eigenskapar
StofftilstandFast stoff
Smeltepunkt231,93 °C, 505,08 K
Kokepunkt2602 °C, 2875 K
Molart volum16,29 cm³/mol
Tettleik7310 kg/m³
Hardleik1,5 kg/m³
Fordampningsvarme295,8 kJ/mol
Smeltevarme7,029 kJ/mol
Damptrykk5,78×10−21 Pa
Lydfart2500 m/s
Elektronegativitet
etter Pauling-skalaen
1,96
Elektrisk leiingsevne9,17 MS/m
Termisk konduktivitet66,6 W/(m·K)
Ioniseringspotensial708,6 kJ/mol
1411,8 kJ/mol
2943,0 kJ/mol
3930,3 kJ/mol
7456 kJ/mol

Tinn er eit metall i gruppe 14 i det periodiske systemet. Tinn finst i to allotrope former. Ved låge temperaturar kan tinn i den vanlege metalliske forma gå over til den andre forma. Dette fenomenet er kjend som tinnpest.

Metallisk tinn er ikkje giftig. Det kan derimot organiske tinnsambindingar vera.

Det finst lite tinn på jorda. På oversikter over dei vanlegaste grunnstoffa i jordskorpa, kjem tinn langt ned på lista, bak vanlegare(!) stoff som praseodym, samarium, gadolinium og dysprosium. Likevel er ikkje tinn noko dyrt metall. Dette skuldast at det er lett å utvinna det vesle tinnet som finst, frå naturlege førekomstar av tinnstein.

I utsjånad, hardheit og tettleik er tinn ganske likt sølv, og blir brukt til drikkebeger, matfat, spisebestikk og liknande anten åleine eller som ei kjerne av tinn med eit lag sølv utanpå – såkalla sølvplett.

Bronse er ei legering av tinn og kopar.

Sjå også

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]