Gus Dudgeon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gus Dudgeon
Fødd 30.s eptember 1942
Surrey
Død

21. juli 2002 (59 år)
Reading i Berkshire

Sjanger Pop
Aktive år 1962-2002
Yrke Plateprodusent
Plateselskap Decca, Rocket Records

Angus Boyd «Gus» Dudgeon (30. september 194221. juli 2002) var ein engelsk plateprodusent, mest kjend for dei mange Elton John-platene han produserte.

Han byrja å arbeide ved Decca sitt Olympic Studios i Baker Street i London som assistent og vart etter kvart lydteknikar der. Som lydteknikar arbeidde han mellom andre med The Artwoods, Bruce Channel, Davy Graham og Shirley Collins. Tidlege popsuksessar var mellom andre The Zombies sin «She's Not There» (1964) og John Mayall sitt Blues Breakers with Eric Clapton (1966). Han hjelpte til på prøvespelinane til Tom Jones og The Rolling Stones. Han vart til slutt medprodusent på Ten Years After sitt debutalbum i 1967. Kring same tid produserte han òg the Bonzo Dog Band-albuma The Doughnut in Granny's Greenhouse og Tadpoles. Dudgeon produserte òg to album for Elkie Brooks: Pearls og Pearls Two. Han er òg kjend for å ha produsert hitsingelen til David Bowie, «Space Oddity» (1969).

I 1970 byrja han å arbeide med Elton John og produserte mange av albuma hans. Han var stundom òg kritisk til musikken til John.

Andre artistar Dudgeon arbeidde med var Audience, Chris Rea, Ralph McTell, Lindisfarne, Joan Armatrading, Elkie Brooks, Fairport Convention, Sam Gopal Dream, The Sinceros, The Beach Boys, Mary Wilson, Steeleye Span, XTC, Menswear og The Frank and Walters.

Dudgeon døydde i ei bilulukke nær Reading den 21. juli 2002 i lag med kona Sheila. Han sovna køyrande på veg heim frå ein fest og kræsja i ei grøft og drukna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]