Hammersborggata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hammersborggata med innløpet til Vaterlandstunnelen midt i gata
Foto: Helge Høifødt
Søraustre parten av Hammersborggata frå krysset med Calmeyers gate i framgrunnen og fram til Storgata på tvers framfor den store kontor- og forretningsbygningen i bakgrunnen. Lybekkergata held fram mot søraust til høgre for denne bygningen.
Foto: Helge Høifødt

Hammersborggata er ei gate i sentrum av Oslo, i bydel St. Hanshaugen. Gata går frå Akersgata og i ei svak boge i søraustleg lei gjennom ei overdekt skjering under nordre del av regjeringskvartalet og under brua for den kryssande Grubbegata, og deretter under brua for den kryssande Møllergata, langs vestsida av Arbeidersamfunnets plass fram til Storgata rett i nærleiken av krysset mellom Storgata og den likeins søraustgåande Lybekkergata.

Den 360 meter lange Vaterlandstunnelen, som er ei strekning av Ring 1, går i same trasséen som Hammersborggata og Lybekkergata, og vart bygd ved at desse gatene vart grevne opp på langs. Mellom Vaterlandstunnelen og Hammersborgtunnelen er òg Hammersborggata ein del av ring 1 ved at trafikken nytter Hammersborggata på ei stutt firefelts strekning.

Mellom Møllergata og Torggata fylgjer Hammersborgata traséen til den tidlegare Vaskerigata, og fram mot Storgata går gata gjennom det som i tidlegare tider var eigedomen til arbeids- og straffeinstitusjonen Tugt- og Manufacturhuset. Mot Storgata var det her ein hovudbygning i barokkstil, som i si tid var den mest staslege og ruvande bygningen i byen, oppført i 1737 -1740, rive i 1938. Alt som høyrde til eigedomen, inklusive muren ikring, har med tida vorte fjerna. Men ein liten rest av muren som stod att, vart riven og attreist etter bygging av nye kontorbygg i dette såkalla Tukthuskvartalet i 2000, og er å sjå i søre enden av Calmeyers gate.

Hammerborggata fekk namnet i 2006 etter stroket Hammersborg på nordaustsida av byrjinga på gata oppe ved Akersgata, etter at gata frå 1930 hadde hatt namnet Henrik Ibsens gate til ære for den namngjetne forfattaren Henrik Ibsen. Men i 2006 kom dei kommunale organa fram til at det var til større heider for Henrik Ibsen at namnet Henrik Ibsens gate vart gjeve til den strekninga av Drammensveien som går langsetter Slottsparken og fram til Solli plass. Henrik Ibsen hadde budd i Drammensveien (med adresse til sidegata Arbins gate) frå 1895 til han døydde i 1906, og spasert i denne gata på si daglege ferd til Grand Kafé i Karl Johans gate, men hadde aldri hatt noko med Hammersborggata å gjere.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hammersborggata