Hopp til innhald

Handball-EM 1996 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Europameisterskapen i handball 1996 for menn, den 2. i rekka, vart avvikla i dagane frå 24. mai til 2. juni 1996 i Spania. 12 land deltok i turneringa: Danmark, Frankrike, Jugoslavia, Kroatia, Romania, Russland, Slovenia, Spania, Sverige, Tsjekkia, Tyskland og Ungarn.

Turneringa fann stad i byane Ciudad Real og Sevilla.

Gull, sølv og bronse[endre | endre wikiteksten]

Russland sikra seg den store meisterpokalen ved vinne over Spania med 23 mål mot 22 i finalen. Ved pause leia Russland 13–9. I den andre omgangen knappa vertslandet inn på leiinga, men mangla eitt mål for å ta kampen til ekstraomgangar. Det hindra den russiske målvakta Andrej Lavrov med ei flott redning i sluttsekunda. Målskårarar for Russland var Oleg Kulesjov (6), Vasilij Kudinov (5), Valerij Gopin (4), Sergej Pogorelov (2), Lev Voronin (2), Igor Lavrov (2), Oleg Kiseljov (1) og Dmitrij Torgovanov (1). Med sine 7 fulltreffar vart kirgisaren Talant Dujsjebajev toppskårar i finalen og for Spania.

7 500 tilskodarar på tribunane under finalen i Sevilla.

I kampen om bronsemedaljane sigra Jugoslavia 26–25 mot Sverige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]