Heart of Steel av Tvorchi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Heart of Steel»
Song av Tvorchi

Land Ukraina
Språk Engelsk, ukrainsk
Utgjeve 13. januar 2023
Sjanger Pop
Lengd 02:22
Låtskrivar(ar) Andrij Hutsuljak, Jimoh Augustus Kehinde

«Heart of Steel» (norsk omsetjing: ‘hjarte av stål’) er ein ukrainsk elektropoplåt frå 2022 av og med duoen Tvorchi. Songen vann den ukrainske songtevlinga Vidbir i desember 2022 og var det ukrainske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Heart of Steel» er skriven av elektronikaduoen Tvorchi, beståande av ukrainske Andrij Hutsuljak og nigeriansk-fødde Jimoh Augustus.[1] Dei skreiv songen og teksta våren 2022, inspirert av dei ukrainske soldatane og motstandsfolka som lenge stod imot russiske styrkar ved stålverket Azovstal i Mariupol, aust i Ukraina.[1][2]

Vidbir og Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I desember 2022 var «Heart of Steel» blant bidraga i den tv-sende ukrainske songtevlinga Vidbir.[3] Vinnaren fekk representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2023. Den ukrainske finalen fann stad 17. desember 2022 i den underjordiske t-banestasjonen ved Majdan-plassen, som følgje av krigen i landet.[4][5]

Tvorchi og «Heart of Steel» vann Vidbir med nest flest røyster frå fagjuryen og flest røyster frå sjåarane.[6] Gjennom sigeren fekk duoen representere Ukraina i Eurovision Song Contest i Liverpool i Storbritannia.[7] Som følgje av at Ukraina vann Eurovision Song Contest året før, var landet direktekvalifisert for finalen laurdag 13. mai 2023.[7] I finalen fekk sangen til saman 243 poeng og enda på sjetteplass, rett bak Alessandra og «Queen of Kings» frå Noreg.[8]

Utgjevingshistorikk[endre | endre wikiteksten]

Den ukrainske kringkastaren Suspilne la låten ut for strøymingYouTube 1. desember 2022.[9][10] Songen blei gjeven ut som singel 9. desember, og han var del av EP-en med same namn, som blei sloppen litle julaftan same år.[11]

Region Dato Format Merke
Diverse 1. desember 2022 Strøyming Gjeven ut på eige forlag
9. desember 2022 Digital nedlasting[11]
23. desember 2022 EP-utgjeving[11][12]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2023) Høgaste
plassering
Finland (Suomen virallinen lista)[13] 37
 Hellas (IFPI)[14] 84
 Island (Tónlistinn)[15] 35
 Litauen (AGATA)[16] 12
 Polen (Polish Streaming Top 100)[17] 97
Flagget til Samveldet av uavhengige statar SUS (TopHit)[18] 171
 Sverige (Sverigetopplistan)[19] 65
UK Singles (Official Charts Company)[20] 95
UK Indie (Official Charts Company)[21] 32
 Ukraina (TopHit Airplay)[22] 5

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Thelyrics of the Tvorchi song selected for Eurovision 2023». english.nv.ua (på engelsk). Henta 29. desember 2022. 
  2. Veen, Renske ten (17. desember 2022). «Tvorchiwins Vidbir and will represent Ukraine at Eurovision 2023 with "Heart of Steel"». wiwibloggs (på engelsk). Henta 29. desember 2022. 
  3. «Ukraine: TVORCHI wins Vidbir with 'Heart Of Steel'». eurovision.tv (på engelsk). 17. desember 2022. Henta 18. desember 2022. 
  4. Ritzau/NTB (17. desember 2022). «Tvorchi vant Ukrainas Melodi Grand Prix». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 18. desember 2022. 
  5. «Heartof Steel: Ukraine chooses Eurovision act in bomb shelter contest». euronews (på engelsk). 18. desember 2022. Henta 29. desember 2022. 
  6. «Ukraine picks Eurovision 2023 entry from underground bomb shelter». WashingtonPost (på engelsk). ISSN 0190-8286. Henta 29. desember 2022. 
  7. 7,0 7,1 «Eurovision 2023: Ukraine chooses Tvorchi from bomb shelter». BBCNews (på engelsk). 17. desember 2022. Henta 18. desember 2022. 
  8. «GrandFinal of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023. 
  9. Farren, Neil (1. desember 2022). «Ukraine: Vidbir 2023 Songs and Running Order Revealed». Eurovoix (på engelsk). Henta 29. desember 2022. 
  10. «Пісніфіналістів Нацвідбору на Євробачення-2023 - YouTube». www.youtube.com. Henta 29. desember 2022. 
  11. 11,0 11,1 11,2 «Recording“Heart of Steel” by TVORCHI - MusicBrainz». musicbrainz.org. Henta 29. desember 2022. 
  12. «TVORCHIpresented EP Heart of Steel». Woman Magazine (på engelsk). 24. desember 2022. Henta 29. desember 2022. 
  13. "Finnishcharts.com – Tvorchi – Heart of Steel". Suomen virallinen lista. Hung Medien.
  14. «IFPI Charts». ifpi.gr. Arkivert frå originalen 25. mai 2023. Henta 24. mai 2023. 
  15. «TÓNLISTINN– Streymi, spilun og sala viku 19, 2023» (på islandsk). TónlistinnPlötutíðindi. 13. mai 2023. Arkivert frå originalen 15. mai 2023. Henta 18. mai 2023. 
  16. «202320-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023. 
  17. «OLiS– oficjalna lista sprzedaży – single w streamie» (Select week 12.05.2023–18.05.2023.) (på polsk). OLiS. Henta 26. mai 2023. 
  18. «Heartof Steel – Tvorchi». TopHit. Henta 17. mai 2023. 
  19. «VeckolistaSinglar, vecka 20». Sverigetopplistan. Henta 19. mai 2023. 
  20. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  21. "Archive Chart" UK Indie Chart. Official Charts Company.
  22. «UkraineAirplay Chart for 2023-04-21». TopHit (på finsk). Henta 18. mai 2023.