Herre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Herr)
Hopp til navigering Hopp til søk
For tettstaden Herre i Telemark, sjå artikkelen Herre i Bamble

Alle vilja Herre vera, ingen vil Sekken bera.

Alter Herr, ein sveitsisk folkefigur.

Herre (frå norrønt herri, herra gjennom gammaltysk herro komparativ av her, 'fornem', 'herleg') er ei gammal nemning for ein stormann[1] som i moderne norsk er brukt til høfleg eller humoristisk tiltale, som i «Mine damer og herrar», eller i tituleringa «herr».

Nemningar som «herre» eller «herren» kan også ha religiøs tyding. I kristendommen vert ordet «Herren» bruka om Gud, som ei omsetjing av latin dominus. Dette ordet finst òg i uttrykk som «herregud» eller forsterkande i uttrykk som «eit herrens ver».[1]

«Herr» som tiltaleform[endre | endre wikiteksten]

Då riddarskap vart innført i Noreg, vart nemning «herre» nytta om folk av høg rang, til dømes Knut Alvsson, som vart omtala eller tiltala som «herr Knut». I Kongsspegelen finn ein på tilsvarande vis tiltaleforma «Herren min», som og var nytta om kongar. Tiltaleforma «herr» svarar her til det engelske «sir». Det kvinnelege tilsvaret til herre, er frue (som i Fru Inger til Østråt). Riksrådet, som for det meste var samansett av høgvyrde, kunne difor omtalast som ein herredag. I borgarleg samanheng er frue i dag erstatta med dame (frå latin over fransk).

Seinare vart tiltaleforma òg bruka om prestar, til dømes om Herr Petter. I dansketida vart altså herrenemninga flytt ned til embetsmannen. Frå slutten av 1600-talet kunne ein bruka tittelen for einkvar mann ein ville vera høfleg mot.[2]

I dag kan «herr» brukast som tiltaleform for alle menn framfor etternamnet eller tittelen deira, som «herr Olsen» eller «herr ordførar», men det er ikkje rekna som god skikk å titulere seg sjølv med «herr». Det tilsvarande engelske ordet for denne tydinga av «herr» er mister. Omdefineringa av herre-tittelen fortel ei historie om utjamning og sosial oppdrift. Det var til dømes ikkje vanleg å bruke herretittelen om bønder.

«Herre» som religiøs nemning[endre | endre wikiteksten]

Fleire religiøse tradisjonar har brukt «herre» som nemning for guddommen sin, til dømes innan mesopotamiske, egyptiske og greske religionar.[3] Visse gudenamn som Baal og Frøy har tydinga 'herre'.

Den hebraiske bibelen (Det gamle testamentet) viser mellom anna til Gud som «min herre» (Adonai). I den greske bibelomsetjinga Septuaginta og i Det nye testamentet brukte ein det greske ordet for herre, kyrios, om Gud Faderen[3] og om Jesus.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «herre» i Nynorskordboka.
  2. «herre». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 7. november 2020. 
  3. 3,0 3,1 Groth, Bente (17. september 2018). «herre – religiøs betegnelse». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  4. Kelly, J.N.D. Early Christian Creeds. Longmans(1960). . Oppgjeve i Jesus is Lord på Engelsk Wikipedia.