Havstein kyrkje
Utsjånad
63°24′17.939″N 10°22′15.089″E / 63.40498306°N 10.37085806°E
| Havstein kyrkje | |||
| kyrkje | |||
Havstein kyrkje frå nordaust Foto: Kjersti Lie | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Nidaros | ||
| Prosti | Byåsen | ||
| Sokn | Sverresborg | ||
| Fellesråd | Trondheim | ||
| Arkitekt | Heinrich Ernst Schirmer og Wilhelm von Hanno (1857), Gustav S. Olsen (1900) | ||
| Teknikk | Mur | ||
| Material | Stein (vesttårn av tre) | ||
| Innvigd | 30. november 1857 | ||
| • Endringar | 1900 | ||
| Kyrkjegard | Ja | ||
| Altar | Kross på altaret | ||
| Sitjeplassar | 200 | ||
| Diverse | Glasmåleri (1968) av Carsten Lien i fondveggen | ||
![]() Havstein kyrkje 63°24′18″N 10°22′15″E / 63.4049°N 10.3709°E | |||
| Wikimedia Commons: Havstein kirke | |||
Havstein kyrkje er ei langkyrkje frå 1857 på Havstein i Trondheim. Kyrkja vart teikna av Heinrich Ernst Schirmer og Wilhelm von Hanno[1] og innvigd 30. november 1857. I 1900 fekk kyrkja eit vesttårn i tre teikna av Gustav S. Olsen og oppført av byggmeister Erik Selnes. Kyrkja har 200 sitjeplassar.
Dette var den første kjende kyrkja på Byåsen. Kyrkja ligg i ei grøn lunge omgiven av åkrar tilhøyrande Havstein-gardane og av Havstein kyrkjegard. Kyrkja er hovudkyrkje i Sverresborg sokn, men i 2014 vart Sverresborg kyrkjesenter, ei arbeidskyrkje om lag ein kilometer unna, innvigd til bruk som kvardagskyrkje og kyrkjelydsenter.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Norsk kunstnerleksikon om Schirmer. Von Hanno er rett nok ikkje nemnd i jubileumsboka om kyrkja.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Havstein kirke 1857–1957. Festskrift. Trondheim: Byåsen menighetsråd. 1957.
- Alf Henry Rasmussen (1993). «Havstein kirke, Trondheim». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 258. ISBN 82-75-27022-7.
- Denne artikkelen bygger på «Havstein kirke» frå Wikipedia på bokmål, den 14. september 2017.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Trondheim byleksikon
- «Havstein kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Havstein kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
