Vegard Opaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vegard Opaas
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. januar 1962 (62 år)
Oslo
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1988, Vinter-OL 1984

Vegard Opaas (fødd 11. januar 1962) er ein tidlegare norsk skihoppar frå Oslo. Han hadde sin beste sesong i 1987, då han som fyrste nordmann gjekk til topps i verdscupen samanlagd. Same sesongen vann han to sølvmedaljar og ein bronsemedalje under ski-VM i Oberstdorf. Han vart noregsmeister ein gong (1986), og vann elles ein NM-sølv og to NM-bronsar i tida 1984-87, alle i storbakkerenn.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Opaas debuterte i verdscupen i januar 1982 med ein tiandeplass i St. Moritz. Det store gjennombrotet kom to sesongar seinare, då han midt i desember 1983 vann storbakkerennet i Thunder Bay. Han fekk då plass i OL-troppen, og vart nummer åtte som best. Samanlagd i verdscupen vart han nummer 10. I 1985 var han med til ski-VM i Seefeld, men hoppa svakt. I 1986-sesongen hoppa Opaas seg opp på pallen i tre renn i verdscupen, totalt i verdscupen vart han nummer sju. Under noregsmeisterskapen i stor bakke i Holmenkollen vann han sin einaste gullmedalje, med 232,5 poeng slo han Rolf Åge Berg med 0,2 poeng.

Sesongen etter, 1986/87, vann Opaas verdscupen i skihopping. Han sikra seg fire sigrar i verdscuprenn, og ei rekke pallplasseringar. Espen Bredesen i 1994 og Anders Bardal i 2012 er dei andre nordmennene som har makta vinne verdscupen. Same sesongen vann Opaas tre medaljar under verdsmeisterskapen i Oberstdorf. Han tok bronsemedaljen i normalbakken, sølvmedaljen i storbakken, og var med på å sikre Noreg sølv i lagkonkurransen, dei andre på laget var Ole Christian Eidhammer, Hroar Stjernen og Ole Gunnar Fidjestøl. Jiří Parma og Andreas Felder vann kvar sitt av dei individuelle renna, med store marginar. Tidlegare i sesongen kom Opaas på andreplass i den tysk-austerrikske hoppveka, bak Ernst Vettori.

Opaas vart i OL-sesongen 1988 nr 12 i verdscupen. I nokre renn hevda han seg mellom dei aller beste, men hamna oftare langt nede på resultatlistene. Han fekk plass i OL-troppen, men misluktest i stobakken. 1989-sesongen likna på den førre, endå om han vann eit verdscuprenn i Lake Placid.

Han la opp skihoppinga i 1990.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1984: Nr 8 i normalbakken under vinter-OL i Sarajevo
  • 1987: Sølv i storbakken, bronse i normalbakken og sølv i laghopp under ski-VM i Oberstdorf
  • 1988: Nr 19 i storbakken i vinter-OL i Calgary

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1982: Nr 9 i Engelberg
  • 1983: Nr 6 i Planica
  • 1983/84: Siger i Lake Placid andreplass i Planica
  • 1985: Nr 3 i Štrbské pleso
  • 1985/86: Siger i Lake Placid, andreplass og tredjeplass
  • 1986/87: Fire sigrar; Lake Placid, Oberstdorf, Štrbské pleso, Oslo, samt tre tredjeplassar
  • 1987/88: To tredjeplassar, Thunder Bay og Lake Placid
  • 1988/89: Siger i Lake Placid
  • 1990: Nr 6 i Bischofshofen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]