I Just Fall in Love Again

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I Just Fall in Love Again
Song av The Carpenters
frå albumet Passage
Utgjeve 23. september 1977
Innspelt 1977
Sjanger Pop, adult contemporary
Lengd 4:05
Selskap A&M
Låtskrivar(ar) Steve Dorff; Larry Herbstritt; Gloria Sklerov; Harry Lloyd
Produsent Richard and Karen Carpenter
I Just Fall in Love Again
Singel av Anne Murray
frå albumet New Kind of Feeling
B-side «Just to Feel This Love from You»
Utgjeve Januar 1979
Innspelt 1978
Sjanger Country, pop
Lengd 2:47
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Steve Dorff, Larry Herbstritt, Gloria Sklerov, Harry Lloyd
Produsent Jim Ed Norman
Anne Murray-kronologi
«You Needed Me»
(1978)
I Just Fall in Love Again «Shadows in the Moonlight»
(1979)


«I Just Fall in Love Again» er ein popsong skriven av Larry Herbstritt, i lag med Steve Dorff, Harry Lloyd og Gloria Sklerov. Herbstritt hadde komponert melodien og akkordane for refrenget, og ein akkordprogresjon for verset, som han tok med til venen Steve Dorff. Harry Lloyd og Gloria Sklerov skreiv ferdig teksten. Songen vart opphavleg spelt inn av The Carpenters og seinare spelt inn av Dusty Springfield og Anne Murray.

The Carpenters-versjonen[endre | endre wikiteksten]

The Carpenters sin versjon var med på albumet Passage i 1977. Richard Carpenter meinte songen hadde stort hitpotensiale som singel, men A&M Records valte å ikkje gje han ut fordi han vart rekna som for lang for radio (like over fire minuttar) og ikkje kunne kortast ned.[1]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Dusty Springfield-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 1978 spelte Dusty Springfield inn denne songen, som tidleg i 1979 kom ut på albumet Living Without Your Love, same veka som plateselskapet hennar United Artists Records vart seld. Songen vart derfor aldri gjeven ut som singel og vart i stor grad forbigått av publikum.

Anne Murray-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Då den kanadiske songaren Anne Murray høryde «I Just Fall in Love Again» i 1979 med Dusty Springfield, favorittsongaren hennar, inspirerte dette henne til å spele inn sin eigen versjon av songen. Ho gav ut songen i 1979 på albumet New Kind of Feeling. Murray gav ut sin versjon som singel, og denne toppa Country-lista,[2] og Adult Contemporary-lista i USA i tre veker. Han nådde 12. plassen på Billboard Hot 100.[3] Det var den første i ei rekkje på tre countryhittar for Murray.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1979) Plassering
Canadian RPM Country Tracks 1
Canadian RPM Adult Contemporary Tracks 1
Canadian RPM Top Singles 1
U.S. Billboard Hot Country Singles 1
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 1
U.S. Billboard Hot 100 12
U.K. Singles Chart 58

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Carpenters •• I Just Fall In Love Again
  2. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 242. 
  3. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 176. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]