Tony Peluso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tony Peluso
Fødd 28. mars 1950(1950-03-28)
Los Angeles
Død

5. juni 2010 (60 år)
Los Angeles, California, USA

Instrument

gitar

Yrke gitarist, plateprodusent, vokalist
Tilknytte artistar Carpenters, The Abstracts

Tony Peluso (28. mars 19505. juni 2010) var ein USA-amerikansk gitarist og plateprodusent. Han var sologitarist for popduoen Carpenters frå 1972 til 1983.

Peluso er kanskje mest kjend for fuzzgitarsoloen på Carpenters-songen «Goodbye to Love», og som DJ-etterlkining i opninga av «Calling Occupants of Interplanetary Craft».

Peluso arbeidde ei stund med Bobby Sherman og Paul Revere & the Raiders[1] as i tillegg til bandet Instant Joy for Mark Lindsay før han arbeidde med Carpenters.[2]

Etter Karen Carpenter døydde i 1983, vart Peluso plateprodusent. Han arbeidde det neste tiåret for Motown Records med artistar som Smokey Robinson, The Temptations, the Four Tops og Michael Jackson.[3]

Peluso var produsent og/eller lydteknikar for artistar som Kenny Loggins, Seals and Crofts, Apollonia Kotero, Player, Animotion, Stephanie Mills, The Triplets, Bloc, The Fixx, Dave Koz og Boyz II Men.[3]

Peluso vann fire Grammy-prisar gjennom karrieren sin og har delteke på plateinnspelingar som har selt i alt 150 millionar eksemplar.

Han døydde 60 år gammal i Los Angeles den 5. juni 2010 frå ein hjartesjukdom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Carpenters' Lead gitarist Tony Peluso Dead At 60». rttnews.com. 11 June 2010. Henta 4. februar 2015. 
  2. «A Song for You». richardandkarencarpenter.com. 4 June 2008. Henta 4. februar 2015. 
  3. 3,0 3,1 Dore, Shalini (14 June 2010). «Carpenters' sologitarist dies». variety.com. Henta 4. februar 2015.