I Need to Know av Tom Petty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I Need to Know
Singel av Tom Petty and the Heartbreakers
B-side «No Second Thoughts»
Utgjeve 1978
Innspelt Shelter Studios, Hollywood, seint 1977
Sjanger Heartland rock
Lengd 2:26
Selskap Shelter
Låtskrivar(ar) Tom Petty
Produsent Denny Cordell, Noah Shark, Tom Petty
Tom Petty and the Heartbreakers-kronologi
«Breakdown»
(1977)
I Need to Know «Listen To Her Heart»
(1978)


«I Need to Know» er ein song skriven av Tom Petty og spelt inn av det amerikanske rockebandet Tom Petty and the Heartbreakers. Han vart gjeven ut i 1978 som den første singelen frå det andre albumet deira, You're Gonna Get It!. Songen nådde 41. plassen på Billboard Hot 100 i 1978.[1] Denne songen og «Listen to Her Heart» vart alt framført på konsertar så tidleg som 14. juni 1977, på det tyske fjernsynsshowet «Rockpalast».[2]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Stevie Nicks (frå Fleetwood Mac) har spelt «I Need to Know» på konsertane sine sidan 1981. Stevie song òg songen i lag med Tom Petty på 30-årsjubileumskonserten til Tom Petty som artist, som vart filma og gjeve ut på DVDen Runnin' Down a Dream.

I 1981 spelte det svenske bandet Gyllene Tider inn ein versjon av songen med svensk tekst, skriven av songaren Per Gessle, kalla «Vill ha ett svar!»

Poison spelte songen i 2007 for albumet Poison'd!.

Det amerikanske hardcore-punkbandet Hour of the Wolf spelte songen i 2012 for albumet Decompositions Vol. II.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 41
Canadian RPM Top Singlar 46

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Joel Whitburn, Joel Whitburn's Top Pop Singlar: 1955-2010, Record Research, 2011.
  2. [1]
  3. http://ps3.ign.com/articles/111/1114861p1.html

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]