Southern Accents

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Southern Accents
Studioalbum av Tom Petty and the Heartbreakers
Utgjeve 26. mars 1985
Innspelt 1983–85 i Gone Gator One; Sound City; Village Recorder; Sunset Sound, LA og Church Studio i London
Sjanger Heartland rock, southern rock
Lengd 39:54
Selskap MCA
Produsent Tom Petty, Jimmy Iovine, Mike Campbell, David A. Stewart, Robbie Robertson
Tom Petty and the Heartbreakers-kronologi
Long After Dark
(1982)
Southern Accents Pack Up the Plantation: Live!
(1985)
Singlar frå Southern Accents
  1. «Don't Come Around Here No More»
    Utgjeve: 28. februar 1985
  2. «Rebels»
    Utgjeve: 25. mars 1985
  3. «Make It Better (Forget About Me)»
    Utgjeve: 3. juni 1985
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Robert ChristgauB–[2]
The Essential Rock Discography6/10[3]
MusicHound4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[4]
Rolling Stone(positiv)[5]
The Rolling Stone Album Guide4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[6]

Southern Accents er det sjette studioalbumet til Tom Petty and the Heartbreakers, gjeve ut 26. mars 1985 på MCA Records.

Den første singelen frå albumet, «Don't Come Around Here No More», vart skriven i lag med Dave Stewart frå Eurythmics, og nådde 13. plassen på Billboard Hot 100. Musikkvideoen var basert på Alice i Eventyrland. «Southern Accents» vart seinare spelt inn av Johnny Cash for albumet Unchained i 1996, der medlemmane i the Heartbreakers spelar.

Det vart ein del diskusjonar og krangling under innspelinga, sidan dei forskjellige bandmedlemmane hadde forskjellige visjonar for albumet.[treng kjelde] Det vart opphavleg gjeve ut som eit konseptalbum, men temaet med «Southern Accents» vart noko grått ved at det vart teke med tre songar skrivne i lag med Stewart, og tre andre songar som opphavleg var meint for albumet ikkje vart teken med. Songane som ikkje kom med var «Trailer», «Big Boss Man», «Crackin' Up», «The Image of Me» og «The Apartment Song». Desse finst på Playback, ein plateboks som kom ut 10 år seinare.

Under miksinga av opningssporet «Rebels» vart Petty så frustrert at han slo til ein vegg og fekk eit alvorleg brot i venstre handa. Han vart operert og fleire nåler, strengar og skruar heldt handa hans saman.

Plateomslaget er eit måleri frå 1865 av Winslow Homer kalla The Veteran in a New Field.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Tom Petty, utanom der andre er nemnde.. 

# Tittel Lengd
1. «Rebels»   5:21
2. «It Ain't Nothin' to Me» (Petty, Dave Stewart) 5:12
3. «Don't Come Around Here No More» (Petty, Stewart) 5:07
4. «Southern Accents»   4:44
5. «Make It Better (Forget About Me)» (Petty, Stewart) 4:23
6. «Spike»   3:32
7. «Dogs on the Run» (Petty, Mike Campbell) 3:40
8. «Mary's New Car»   3:47
9. «The Best of Everything»   4:03

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Tom Petty – vokal, gitarar, piano, klaverinstrument, perkusjon, produsent, bassgitar
  • Mike Campbell – gitar, bassgitar, Dobro, klaverinstrument, vokal, produsent, slidegitar
  • Benmont Tench – piano, klaverinstrument, piano (elektrisk), vokal, vibrafon
  • Stan Lynch – trommer, perkusjon, klaverinstrument, vokal
  • Howie Epstein – bassgitar, vokal, harmonivokal

andre medverkande:

  • William Bergman – horn, saksofon (tenor), lydeffektar, vokal (kor)
  • John Berry, Jr. – trompet, horn, lydeffektar
  • David Bianco – lydteknikar
  • Ron Blair – bass
  • Dick Braun – trompet, horn, lydeffektar, vokal (kor)
  • Steve Breitborde – fotografi
  • Sharon Celani – vokal
  • Jim Coile – horn, saksofon (tenor), lydeffektar, vokal
  • Malcolm Duncan – saksofon
  • Molly Duncan – saksofon
  • Joel Fein – lydteknikar
  • Dean Garcia – bass
  • Bobbye Hall – perkusjon
  • Jerry Hey – horn, horndirigent
  • Garth Hudson – klaverinstrument
  • Jimmy Iovine – produsent
  • Clydene Jackson – vokal
  • Phil Jones – perkusjon
  • Martin Jourard – saksofon
  • Dennis Keeley – fotografi
  • Jim Keltner – perkusjon
  • Richard Manuel – vokal, harmonivokal
  • Stephen Marcussen – mastering
  • Marilyn Martin – vokal
  • Kurt McGettrick – horn, lydeffektar, vokal
  • Jack Nitzsche – strykarar, strykearrangement
  • Dave Plews – trompet
  • Robbie Robertson – produsent
  • Daniel Rothmuller – klarinett, cello
  • Don Smith – lydteknikar, remixing
  • Greg Smith – horn, saksofon, saksofon (baryton), vokal
  • Stephanie Spruill – vokal
  • David A. Stewart – bass, gitar, klaverinstrument, sitar, vokal, produsent
  • Julia Tillman Waters – vokal
  • Maxine Waters – vokal
  • Alan «Bugs» Weidel – lydteknikar
  • Maxine Willard Waters – vokal
  • Shelly Yakus – lydteknikar, remixing

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1985) Plassering
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[7] 25
Svenske album (Sverigetopplistan)[8] 10
Britiske album (OCC)[9] 23
US Billboard 200[10] 7

Singlar:

Single Liste Plassering
"Don't Come Around Here No More" US Billboard Hot 100 13
US Mainstream Rock Tracks 2
UK Singles Chart 50
"Make It Better (Forget About Me)" US Billboard Hot 100 54
US Billboard Modern Rock Tracks 12
"Rebels" US Billboard Hot 100 74
US Billboard Modern Rock Tracks 5

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. AllMusic review
  2. Robert Christgau review
  3. Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Discography. Edinburgh, UK: Canongate. s. 816. ISBN 978-184195-827-9. 
  4. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 870. ISBN 1-57859-061-2. 
  5. Rolling Stone review
  6. Rolling Stone Album Guide
  7. "Tom Petty & The Heartbreakers – Southern Accents". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 3. september 2013.
  8. "Tom Petty & The Heartbreakers – Southern Accents". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 3. september 2013.
  9. "TOM PETTY & THE HEARTBREAKERS | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 3. september 2013.
  10. "Tom Petty Album & Song Chart History" Billboard 200 for Tom Petty. Prometheus Global Media. Henta 3. september 2013.