Jan Egil Andresen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan Egil Andresen
Jan Egil Andresen.JPG
Fødd 1978
Mo i Rana
Yrke langrennsløpar
Jan Egil Andresen på Commons

Jan Egil Andresen (fødd 25. september 1978) er ein norsk tidlegare langrennsløpar frå Nesna i Nordland, busett i Elverum.

Andresen tok vidaregåande utdanning på Norges ToppidrettsgymnasLillehammer. Han var mellom dei beste norske langrennsløparane i eit par sesongar kring 2005, og deltok for Noreg under vinter-OL 2006 i Torino. Både på 30 km og 50 km hamna han langt nede på dei olympiske resultatlistene.

Andresen oppnådde sitt beste internasjonale resultat då han kom på fjerdeplass i 15 km friteknikk i eit verdscuprenn i Nové Město 15. januar 2005. Kort etter gjorde han også sin beste nasjonale prestasjon då han tok sølvmedaljen på 15 km fri teknikk i NM 2005, slått med knapt 22 sekundar av Tore Ruud Hofstad. Året etter fekk han bronsemedaljen på 30 km under NM på Kongsberg, slått i spurten av den store overraskingsmannen Petter Northug og av Frode Estil.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 2002: Nr 11 på 50 km på Vang
  • 2003: Nr 6 på 30 km i Molde
  • 2004: Nr 11 på 50 km i Bardufoss
  • 2005: Sølvmedalje på 15 km på Lillehammer
  • 2006: Bronsemedalje på 30 km på Kongsberg
  • 2007: Nr 10 på 30 km i Meråker

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar