Jan Heintze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan Heintze
Personleg informasjon
Fødd 17. august 1963 (60 år)
Fødestad Tårnby i Danmark
Høgd 170 cm
Posisjon Venstreback
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1981–1982
1982–1994
1994–1996
1996–1999
1999–2003
Kastrup Boldklub
PSV
Bayer Uerdingen
Leverkusen
PSV Eindhoven
29 (4)
313 (6)
53 (3)
87 (5)
82 (1)
Totalt 564 (19)
Landslag
1987–2002 Danmark 87 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Jan Heintze, til 1981 Jan Larsen, (fødd 17. august 1963) er ein dansk tidlegare fotballspelar. Han er kjend for sine mange år i PSV Eindhoven, der han spelte i to periodar; 1982-94 og 1999-2003. Heintze deltok i tida 1987-2002 i 86 landskampar for Danmark og skåra 4 mål. Triumfen med PSV i Europacupfinalen 1988 var høgdepunktet i hans fotballiv.

Heintze var veng på Kastraup BK i 1981-82. Deretter hadde han kontrakt med nederlandske PSV Eindhoven i 12 år fram til 1994, der han var sideback for den suksessrike klubben. Etter mellomspel med to sesongar i Bayer Ürdingen og tre i Bayer Leverkusen, kom han tilbake til PSV i 1999 og tente klubben i fire år. Heintze vart nederlanadsk seriemeister seks gongar med PSV.

Heintze var dansk landslagsspelar frå 1987 til 1991. Då han i protest reiste heim før ein landskamp i 1991, vart han sett i karantene i eitt år og lite brukt dei neste åra. Dermed mista han den danske EM-triumfen i 1992. Fyrst frå 1996 fekk han fast plass i den danske fyrsteellevaren, deltok såleis i EM 1988, VM 1998, EM 2000 og VM 2002.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]