Flemming Povlsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flemming Povlsen
Flemming Povlsen 20110610.jpg
Fullt namn Flemming Søgaard Povlsen
Fødd 3. desember 1966 (52 år)
Brabrand i Danmark
Høgd 182 cm
Posisjon Spiss
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1984-86
1986-87
1987-89
1989-90
1990-95
1998-04
Danmark AGF Aarhus
Spania Castilla FC
Tyskland Köln
Nederland PSV
Tyskland Borussia Dortmund
Danmark Brabrand IF
40 (13)
40 (10)
71 (19)
30 (10)
116 (20)
40 (18)
Landslag
1987-1995 Danmark 62 (21)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga .

Flemming Søgaard Povlsen (fødd 3. desember 1966) er ein dansk tidlegare fotballspelar frå Århus. Han vart europameister med Danmark i 1992, nederlandsk cupmeister 1990 med PSV Eindhoven og tysk serievinnar med Borussia Dortmund. Povlsen var jamnast vengspelar i angrepet.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Povlsen spelte på Aarhus GF (AGF) 1984-86 og sesongen 1986/87 på spanske Castilla. Sommaren 1987 flytta han til Tyskland og var Köln-spelar i over to år, i hans andre sesong enda laget på andreplass i Bundesliga. Hausten 1989 vart han overført til PSV Eindhoven, der han saman med tre landsmenn, Ivan Nielsen, Jan Heintze og Søren Lerby, sikra PSV-siger i den nasjonale cupfinalen 1990 med 1-0 over Vitesse Arnhem. Nokre veker seinare signerte Povlsen for Borussia Dortmund og var knytt til den tyske storklubben til han la opp i 1995. Våren 1993 vart han kneskadd, og mista UEFA-cupfinalen 1993, som elles enda med tap for det tyske mannskapet. Ein ny, alvorleg skade i det andre kneet førte til at han la opp ved sesongslutt våren 1995.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Povlsen landslagsdebuterte våren 1987, og skåra det fyrste målet då Danmark slo Hellas med 5-0 i ein OL-kvalifiseringskamp. Sidan var han med i alle tre oppgjera på det danske laget i EM i fotball 1988, og spelte alle kampane då Danmark vann fotball-EM 1992 etter finalesiger 2-0 over Tyskland i Göteborg. Den 6. september 1994 var han innbytar då han utlikna til sluttresultatet 1-1 mot Makedonia i Skopje, i det som vart hans 62. og siste landskamp, og det 21. målet i den raude og kvite landslagsdrakta.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1992 med Danmark
  • Tysk seriemeister: 1995 med Borussia Dortmund
  • Nederlandsk cupmeister: 1990 med PSV Eindhoven
  • Tysk seriesølv: 1989 med FC Köln og 1992 med Borussia Dortmund

Kjelder[endre | endre wikiteksten]