Jauhen Misjulja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jauhen Misjulja
Statsborgarskap Kviterussland
Fødd 13. mars 1964
Hrodna
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Jauhen Misjulja, russisk: Jevgenij Nikolajevitsj Misjulja, (fødd 13. mars 1964) er ein kviterussisk tidlegare kappgjengar frå Hrodna som vann EM-sølv og to VM-bronsar på 20-kilometer i åra 1991-95. Han representerte Sovjetunionen til 1991.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Misjulja kneip bronsemedaljen på 20 km ved verdsmeisterskapen i Tokyo i 1991, langt over halvminuttet bak vinnaren Maurizio Damilano frå Italia og sin eigen lagkamerat Mikhail Sjtsjennikov. Etter ein femteplass i VM 1993, gjekk Misjulja inn til sølvmedalje i europameisterskapen 1994 i Helsinki. Han måtte då på ny sjå seg frågått av Sjtsjennikov, i ei tevling der dei to utøvarane ikkje representerte Sovjetunionen men kvart sitt land, Kviterussland og Russland.

Misjulja vann VM-bronse nummer to i Göteborg-VM 1995, der han passerte målstreken 49 sekundar bakom italienaren Michele Didoni og 26 sekundar etter spanske Valentí Massana. Misjulja var aktiv heilt fram til Sommar-OL 2004 i Aten. I den ni sesongar lange perioden frå 1996 var to sjetteplassar hans beste prestasjonar, fyrst i VM 1997 og så i EM 2002.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]